Studiekoordinator Etter- og videreutdanning
FAS - UTGÅTT - Avd. Førde, Vestland fylkeskommune
- مكان العمل
- SUNNFJORD، FØRDE، VESTLAND
- تاريخ النشر
- آخر موعد للتقديم
- 05/10/2026
- حجم الوظيفة
- دوام كامل
- نوع التوظيف
- عقد مؤقت
- عدد الوظائف
- 2
تفاصيل الوظيفة
هذه ترجمة آلية لتسهيل الفهم وقد تحتوي على أخطاء. راجع النص الأصلي قبل التقديم.
Fagskulen Vestland søkjer ein strukturert og serviceinnstilt studiekoordinator til avdeling for etter- og vidareutdanning (EVU). Vi ser etter deg som trivst med koordinering, planlegging og administrativ oppfølging, og som ønskjer å bidra til at studentar, faglærarar og samarbeidspartnarar opplever høg kvalitet gjennom heile studieløpet.
Som studiekoordinator vil du ha ei sentral rolle i den daglege drifta av EVU-tilboda våre. Du vil arbeide tett saman med EVU-teamet, fagmiljø og samarbeidspartnarar, og vere eit viktig kontaktpunkt for studentane. Arbeidskvardagen er variert og krev god struktur, høg gjennomføringsevne og evne til å handtere fleire oppgåver samstundes.
Du blir ein del av eit engasjert og utviklingsorientert miljø som arbeider for å møte kompetansebehova i arbeidslivet gjennom fleksible og relevante utdanningstilbod. EVU-avdelinga er plassert i Førde, men utviklar og leverer studietilbod i heile Vestland fylke, på tvers av alle studiestadane i Fagskulen Vestland.
Om Fagskulen Vestland
Med over 2000 studentar er Fagskulen Vestland ein av dei største offentlege fagskulane i landet. Fagskulen utdannar mellom anna morgondagens prosjektleiarar og mellomleiarar. Vi har åtte studiestadar frå Måløy i nord til Stord i sør. Vi er om lag 200 tilsette og har eit utviklingsorientert arbeids og læringsmiljø.
Fagskuleutdanning er ei høgare yrkesfagleg utdanning som byggjer på vidaregåande opplæring eller tilsvarande realkompetanse. Vi samarbeider tett med arbeidslivet i Vestland om å utvikle framtidsretta utdanningar, både studium som strekk seg over fleire år og kortare utdanningar.
Arbeidsoppgåverkoordinere planlegging, gjennomføring og oppfølging av EVU-tilbod
administrere opptak, studentoppfølging, undervisning, eksamen og avslutning av studium
produsere og oppdatere innhald til nettsider og ulike informasjonskanalar
rettleie studentar og andre i bruk av Fagskulen Vestland sine it-system
vere kontaktpunkt for studentar, faglærarar og samarbeidspartnarar gjennom studieløpet
arbeide i system som Visma InSchool, Wiseflow, Elements og Microsoft 365
rettleie studentar og søkjarar i spørsmål knytt til studium, opptak og regelverk
handtere postmottak og bidra til god informasjonsflyt internt og eksternt
bidra til rapportering, kvalitetsarbeid og administrativ oppfølging av studietilboda
delta i utvikling og forbetring av rutinar, arbeidsprosessar og digitale løysingar
utføre andre relevante oppgåver etter behov
Kvalifikasjonarrelevant utdanning (fagbrev, generell studiekompetanse, høgare yrkesfagleg utdanning eller høgare utdanning)
relevant realkompetanse kan kompensere for manglande formell utdanning
erfaring frå studieadministrasjon, kundeservice eller anna administrativt arbeid
erfaring frå utdanningssektoren eller offentleg forvaltning er ein fordel
god digital kompetanse
god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
Personlege eigenskaparer serviceinnstilt, imøtekomande og oppteken av å skape gode opplevingar for studentar og samarbeidspartnarar
arbeider strukturert, nøyaktig og systematisk
har god evne til å planleggje, koordinere og følgje opp oppgåver
trivst med fleire parallelle arbeidsoppgåver og høgt aktivitetsnivå i periodar
tek ansvar, arbeider sjølvstendig og finn gode løysingar
samarbeider godt med andre og bidreg til eit positivt arbeidsmiljø
er utviklingsorientert og ønskjer å bidra til gode rutinar og kontinuerleg forbetring
Vi tilbyrgode moglegheiter for fagleg utvikling
løn etter avtale/løn etter tariff i kommunal sektor
gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar
stillinga er eit engasjement med moglegheit til forlenging
KontaktinformasjonEilert Årseth, ass. rektor , 47059233
ArbeidsstadØyrane 12
6800 Førde
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Referansenr.: 5181643771
Stillingsprosent: 100%
Anna
Startdato: 01.11.2026
Sluttdato: 30.04.2027
Søknadsfrist: 05.10.2026
النص الأصلي للإعلان

rettleie studentar og andre i bruk av Fagskulen Vestland sine IT-system

سيتم فتح صفحة التقديم الأصلية لدى الجهة الناشرة، وفق شروط NAV.