Norge nå-logo
Tilbake til Jobber i Norge

Studiekoordinator Etter- og videreutdanning

FAS - UTGÅTT - Avd. Førde, Vestland fylkeskommune

Arbeidssted
SUNNFJORD, FØRDE, VESTLAND
Publisert
Søknadsfrist
5. okt. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Engasjement
Antall stillinger
2

Stillingsdetaljer

Fagskulen Vestland søkjer ein strukturert og serviceinnstilt studiekoordinator til avdeling for etter- og vidareutdanning (EVU). Vi ser etter deg som trivst med koordinering, planlegging og administrativ oppfølging, og som ønskjer å bidra til at studentar, faglærarar og samarbeidspartnarar opplever høg kvalitet gjennom heile studieløpet.    Som studiekoordinator vil du ha ei sentral rolle i den daglege drifta av EVU-tilboda våre. Du vil arbeide tett saman med EVU-teamet, fagmiljø og samarbeidspartnarar, og vere eit viktig kontaktpunkt for studentane. Arbeidskvardagen er variert og krev god struktur, høg gjennomføringsevne og evne til å handtere fleire oppgåver samstundes.   Du blir ein del av eit engasjert og utviklingsorientert miljø som arbeider for å møte kompetansebehova i arbeidslivet gjennom fleksible og relevante utdanningstilbod. EVU-avdelinga er plassert i Førde, men utviklar og leverer studietilbod i heile Vestland fylke, på tvers av alle studiestadane i Fagskulen Vestland.      Om Fagskulen Vestland   Med over 2000 studentar er Fagskulen Vestland ein av dei største offentlege fagskulane i landet. Fagskulen utdannar mellom anna morgondagens prosjektleiarar og mellomleiarar. Vi har åtte studiestadar frå Måløy i nord til Stord i sør. Vi er om lag 200 tilsette og har eit utviklingsorientert arbeids og læringsmiljø.    Fagskuleutdanning er ei høgare yrkesfagleg utdanning som byggjer på vidaregåande opplæring eller tilsvarande realkompetanse. Vi samarbeider tett med arbeidslivet i Vestland om å utvikle framtidsretta utdanningar, både studium som strekk seg over fleire år og kortare utdanningar.    Arbeidsoppgåverkoordinere planlegging, gjennomføring og oppfølging av EVU-tilbod  administrere opptak, studentoppfølging, undervisning, eksamen og avslutning av studium  produsere og oppdatere innhald til nettsider og ulike informasjonskanalar  rettleie studentar og andre i bruk av Fagskulen Vestland sine IT-system  vere kontaktpunkt for studentar, faglærarar og samarbeidspartnarar gjennom studieløpet  arbeide i system som Visma InSchool, Wiseflow, Elements og Microsoft 365  rettleie studentar og søkjarar i spørsmål knytt til studium, opptak og regelverk   handtere postmottak og bidra til god informasjonsflyt internt og eksternt   bidra til rapportering, kvalitetsarbeid og administrativ oppfølging av studietilboda   delta i utvikling og forbetring av rutinar, arbeidsprosessar og digitale løysingar   utføre andre relevante oppgåver etter behov   Kvalifikasjonarrelevant utdanning (fagbrev, generell studiekompetanse, høgare yrkesfagleg utdanning eller høgare utdanning)    relevant realkompetanse kan kompensere for manglande formell utdanning   erfaring frå studieadministrasjon, kundeservice eller anna administrativt arbeid   erfaring frå utdanningssektoren eller offentleg forvaltning er ein fordel   god digital kompetanse   god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk   Personlege eigenskaparer serviceinnstilt, imøtekomande og oppteken av å skape gode opplevingar for studentar og samarbeidspartnarar   arbeider strukturert, nøyaktig og systematisk   har god evne til å planleggje, koordinere og følgje opp oppgåver   trivst med fleire parallelle arbeidsoppgåver og høgt aktivitetsnivå i periodar   tek ansvar, arbeider sjølvstendig og finn gode løysingar   samarbeider godt med andre og bidreg til eit positivt arbeidsmiljø   er utviklingsorientert og ønskjer å bidra til gode rutinar og kontinuerleg forbetring   Vi tilbyrgode moglegheiter for fagleg utvikling  løn etter avtale/løn etter tariff i kommunal sektor  gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar    stillinga er eit engasjement med moglegheit til forlenging KontaktinformasjonEilert Årseth, ass. rektor              , 47059233 ArbeidsstadØyrane 12 6800 Førde Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune Referansenr.: 5181643771 Stillingsprosent: 100% Anna Startdato: 01.11.2026 Sluttdato: 30.04.2027 Søknadsfrist: 05.10.2026
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.