100% Spesialsjukepleiar
Alver kommune
- مكان العمل
- ALVER، LINDÅS، VESTLAND
- تاريخ النشر
- آخر موعد للتقديم
- 23/11/2026
- حجم الوظيفة
- دوام كامل
- نوع التوظيف
- دائم
- عدد الوظائف
- 1
تفاصيل الوظيفة
هذه ترجمة آلية لتسهيل الفهم وقد تحتوي على أخطاء. راجع النص الأصلي قبل التقديم.
Om stillinga Vi har ledig fast 100% stilling som spesialsjukepleiar frå 20.01.2027.
Vi søkjer deg som har erfaring frå psykisk helse- og rusfeltet, og som ønskjer å bruke fagkompetansen din i tett oppfølging av menneske over tid. Hos oss blir du ein del av kommunen sitt viktige samfunnsoppdrag: å sikre trygge og likeverdige tenester som støttar den enkelte i å meistre kvardagen og leve eit mest mogleg sjølvstendig liv.
Arbeidstida er organisert i langvakter på 12,5 timar, med arbeid kvar fjerde helg. Den komprimerte arbeidstidsordninga gir færre oppmøtedagar og kan gjere det lettare å kombinere ein meiningsfull jobb med livet utanfor arbeidet.
Om eininga Psykisk helse og rus eining Lindås har eit heildøgnsbemanna butilbod ved Storbruhaugen omsorgsbustad pluss.
Tilbodet er for menneske med samansette psykiske helseutfordringar, med og utan avhengnadsproblematikk. Vi arbeider for trygge butilhøve og støttar den enkelte i å leve eit mest mogleg sjølvstendig liv.
Som spesialsjukepleiar får du bruke erfaringa di i relasjonsarbeid, miljøterapeutisk oppfølging og faglege vurderingar. Med utgangspunkt i den enkelte sine behov, ressursar og mål bidreg du til tryggleik, meistring og medverknad i kvardagen.
ArbeidsoppgåverMiljøterapeutisk oppfølging i heimen til tenestemottakaren
Relasjonsarbeid som fremjar tryggleik, tillit og meistring
Praktisk bistand og opplæring
Tilpassa hjelp og støtte i kvardagslege gjeremål
Legemiddeladministrering
Primærkontaktoppgåver
Dokumentasjon i pasientjournal
KvalifikasjonskravAutorisasjon som sjukepleiar
Relevant videreutdanning (minimum 60 stp) innan psykisk helse og rusfeltet
Erfaring med miljøterapeutisk arbeid
God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
Førarkort klasse B
Kven er du?Du er trygg i eigne faglege og etiske vurderingar og samarbeider godt med andre.
Du har eit genuint engasjement for målgruppa og ser mennesket bak utfordringane.
Du bruker erfaringa di til å byggje tillit og gode relasjonar over tid.
Du kommuniserer tydeleg og respektfullt, både skriftleg og munnleg.
Du er påliteleg og bidreg til eit trygt bumiljø og eit godt arbeidsmiljø.
Du er fleksibel og løysingsorientert.
PolitiattestI tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.
Vi tilbyrEit meiningsfullt arbeid med eit viktig samfunnsoppdrag
Komprimert arbeidstidsordning med langvakter på 12,5 timar og arbeid kvar fjerde helg
For tida høve til overnatting på arbeidsstaden
Eit godt arbeidsmiljø
Fagutvikling og høve til å bruke spesialkompetansen din
Kr 10 000 over garantilønsstigen
Tilsetjing i kapittel 4, i stilling med krav om fireårig universitets- eller høgskuleutdanning: kr 586 400–673 200
Pensjonsordning i KLP
Gratis parkering
Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=Alverkommune
سيتم فتح صفحة التقديم الأصلية لدى الجهة الناشرة، وفق شروط NAV.