Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

100% Spesialsjukepleiar 

Alver kommune

Arbeidssted
ALVER, LINDÅS, VESTLAND
Publisert
Søknadsfrist
23. nov. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Fast
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Om stillinga Vi har ledig fast 100% stilling som spesialsjukepleiar frå 20.01.2027.  Vi søkjer deg som har erfaring frå psykisk helse- og rusfeltet, og som ønskjer å bruke fagkompetansen din i tett oppfølging av menneske over tid. Hos oss blir du ein del av kommunen sitt viktige samfunnsoppdrag: å sikre trygge og likeverdige tenester som støttar den enkelte i å meistre kvardagen og leve eit mest mogleg sjølvstendig liv. Arbeidstida er organisert i langvakter på 12,5 timar, med arbeid kvar fjerde helg. Den komprimerte arbeidstidsordninga gir færre oppmøtedagar og kan gjere det lettare å kombinere ein meiningsfull jobb med livet utanfor arbeidet. Om eininga Psykisk helse og rus eining Lindås har eit heildøgnsbemanna butilbod ved Storbruhaugen omsorgsbustad pluss. Tilbodet er for menneske med samansette psykiske helseutfordringar, med og utan avhengnadsproblematikk. Vi arbeider for trygge butilhøve og støttar den enkelte i å leve eit mest mogleg sjølvstendig liv. Som spesialsjukepleiar får du bruke erfaringa di i relasjonsarbeid, miljøterapeutisk oppfølging og faglege vurderingar. Med utgangspunkt i den enkelte sine behov, ressursar og mål bidreg du til tryggleik, meistring og medverknad i kvardagen.   ArbeidsoppgåverMiljøterapeutisk oppfølging i heimen til tenestemottakaren Relasjonsarbeid som fremjar tryggleik, tillit og meistring Praktisk bistand og opplæring Tilpassa hjelp og støtte i kvardagslege gjeremål Legemiddeladministrering Primærkontaktoppgåver Dokumentasjon i pasientjournal KvalifikasjonskravAutorisasjon som sjukepleiar  Relevant videreutdanning (minimum 60 stp) innan psykisk helse og rusfeltet Erfaring med miljøterapeutisk arbeid God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne Førarkort klasse B Kven er du?Du er trygg i eigne faglege og etiske vurderingar og samarbeider godt med andre. Du har eit genuint engasjement for målgruppa og ser mennesket bak utfordringane. Du bruker erfaringa di til å byggje tillit og gode relasjonar over tid. Du kommuniserer tydeleg og respektfullt, både skriftleg og munnleg. Du er påliteleg og bidreg til eit trygt bumiljø og eit godt arbeidsmiljø. Du er fleksibel og løysingsorientert. PolitiattestI tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede. Vi tilbyrEit meiningsfullt arbeid med eit viktig samfunnsoppdrag Komprimert arbeidstidsordning med langvakter på 12,5 timar og arbeid kvar fjerde helg For tida høve til overnatting på arbeidsstaden Eit godt arbeidsmiljø Fagutvikling og høve til å bruke spesialkompetansen din Kr 10 000 over garantilønsstigen Tilsetjing i kapittel 4, i stilling med krav om fireårig universitets- eller høgskuleutdanning: kr 586 400–673 200 Pensjonsordning i KLP Gratis parkering Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=Alverkommune
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.