Fagleiar
Luster kommune Grandmo miljøteneste
- مكان العمل
- LUSTER، GAUPNE، VESTLAND
- تاريخ النشر
- آخر موعد للتقديم
- 04/10/2026
- حجم الوظيفة
- دوام كامل
- نوع التوظيف
- مؤقت / بديل
- عدد الوظائف
- 1
تفاصيل الوظيفة
هذه ترجمة آلية لتسهيل الفهم وقد تحتوي على أخطاء. راجع النص الأصلي قبل التقديم.
Luster kommune søkjer engasjert og tydeleg leiar til Grandmo miljøteneste. Har du lyst til å kombinere leiarskap med eit viktig samfunnsoppdrag? Da kan dette vere stillinga for deg.
Grandmo miljøteneste yter tenester til menneske med nedsett funksjonsevne. Tenestemottakarane bur i bustadar knytt til Grandmo, i eigne bustadar – eller i andre kommunale husvære. Grandmo har dei siste åra fått fleire brukarar, og har blitt ei stor eining med om lag 64 årsverk. Tenesta er organisert i to team og ulike tiltak. Me søkjer no fagleiar i 100% stilling til eitt av teama.
Stillinga er eit vikariat, men det er moglegheiter for fast tilsetjing.
Hovudoppgåver
Fagleg oppfølging og fagutvikling
Planlegging, gjennomføring og evaluering av dagleg drift
Samarbeid med brukarar, pårørande, tilsette og andre instansar
Bidra til gode tenester og godt arbeidsmiljø
Kvalifikasjonar
Offentleg godkjent vernepleiar eller anna relevant utdanning på høgskulenivå
Leiarerfaring er ønskjeleg
Relevant praksis
God munnleg og skriftleg kommunikasjon
Gode digitale ferdigheiter
Det vert stilt krav om politiattest
Personlege eigenskapar
Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar. Me ser etter deg som er:
Samarbeids- og løysingsorientert
Strukturert og sjølvstendig
Ansvarsbevisst og tydeleg
Profesjonell i møte med samarbeidspartnarar og medarbeidarar
Me kan tilby
Arbeid i ein veldrive kommune med gode og sikre rammevilkår
Arbeid i ei eining med eit viktig samfunnsoppdrag
Varierte, utfordrande og meiningsfulle oppgåver
Eit godt arbeidsmiljø med høg fagkompetanse
Gode moglegheiter for fagleg utvikling
Gode- og sikre kommunale vilkår med fleksibel arbeidstid
Løn etter gjeldane tariffavtale
Andre opplysningar
Administrasjonsmålet i Luster kommune er nynorsk
I følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit
Link til søknadsskjema: Søk her
سيتم فتح صفحة التقديم الأصلية لدى الجهة الناشرة، وفق شروط NAV.