Norge nå-logo
Tilbake til Jobber i Norge

Fagleiar

Luster kommune Grandmo miljøteneste

Arbeidssted
LUSTER, GAUPNE, VESTLAND
Publisert
Søknadsfrist
4. okt. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Vikariat
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Luster kommune søkjer engasjert og tydeleg leiar til Grandmo miljøteneste. Har du lyst til å kombinere leiarskap med eit viktig samfunnsoppdrag? Da kan dette vere stillinga for deg. Grandmo miljøteneste yter tenester til menneske med nedsett funksjonsevne. Tenestemottakarane bur i bustadar knytt til Grandmo, i eigne bustadar – eller i andre kommunale husvære. Grandmo har dei siste åra fått fleire brukarar, og har blitt ei stor eining med om lag 64 årsverk. Tenesta er organisert i to team og ulike tiltak. Me søkjer no fagleiar i 100% stilling til eitt av teama. Stillinga er eit vikariat, men det er moglegheiter for fast tilsetjing.      Hovudoppgåver Fagleg oppfølging og fagutvikling Planlegging, gjennomføring og evaluering av dagleg drift Samarbeid med brukarar, pårørande, tilsette og andre instansar Bidra til gode tenester og godt arbeidsmiljø Kvalifikasjonar Offentleg godkjent vernepleiar eller anna relevant utdanning på høgskulenivå Leiarerfaring er ønskjeleg Relevant praksis God munnleg og skriftleg kommunikasjon Gode digitale ferdigheiter Det vert stilt krav om politiattest  Personlege eigenskapar Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar. Me ser etter deg som er: Samarbeids- og løysingsorientert Strukturert og sjølvstendig Ansvarsbevisst og tydeleg Profesjonell i møte med samarbeidspartnarar og medarbeidarar Me kan tilby Arbeid i ein veldrive kommune med gode og sikre rammevilkår Arbeid i ei eining med eit viktig samfunnsoppdrag Varierte, utfordrande og meiningsfulle oppgåver Eit godt arbeidsmiljø med høg fagkompetanse Gode moglegheiter for fagleg utvikling Gode- og sikre kommunale vilkår med fleksibel arbeidstid Løn etter gjeldane tariffavtale  Andre opplysningar Administrasjonsmålet i Luster kommune er nynorsk I følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit Link til søknadsskjema: Søk her
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.