شعار النرويج الآن
Norsk
← العودة إلى وظائف النرويج
ترجمة آلية إلى العربية

Pedagogisk leiar / barnehagelærar i Gol barnehage

Gol kommune Gol barnehage

مكان العمل
GOL، BUSKERUD
تاريخ النشر
آخر موعد للتقديم
11‏/10‏/2026
حجم الوظيفة
دوام كامل
نوع التوظيف
دائم
عدد الوظائف
1

تفاصيل الوظيفة

هذه ترجمة آلية لتسهيل الفهم وقد تحتوي على أخطاء. راجع النص الأصلي قبل التقديم.

Gol barnehage har ledige fast stilling som pedagogisk leiar / barnehagelærar Gol barnehage aukar kapasiteten, med fleire barnehagar og avdelingar frå januar 2027 og har vi behov for fleire pedagogar. Gol barnehage er ei felles overordna organisering av dei tre kommunale barnehagane: Breidokk, Vesterhuset og Herad. Frå januar 2027 opnar Gol kommune ein ny barnehage med seks avdelingar. Sjå heimesida til Gol kommune for informasjon om kvar barnehage. I Gol barnehage arbeider vi med ei kontinuerleg utvikling av barnehagane, og søkjer medarbeidarar som er interesserte i å ta aktiv del i utvikling, omsorg og læring hos kvart barn og av verksemda. Barnehagane samarbeider mykje og deltek i regionalt utviklingsprosjekt om inkluderande praksis. Pedagogisk leiar er ein del av leiargruppa i den einskilde barnehagen, og har hovudansvar for planlegging og gjennomføring av det pedagogiske arbeidet anten aleine eller saman med fleire pedagogar på «sin» avdeling og for heile barnehagen. I tillegg skal pedagogisk leiar samarbeide med, leie og rettleie fagarbeidarar/assistentar på avdelinga aleine eller saman med anna pedagog. Dine kvalifikasjonar: Godkjent barnehagelærarutdanning eller tilsvarande relevant utdanning Kunne bruke digitale verktøy i både planleggingsarbeid og som eit pedagogisk verktøy Uttrykke deg godt på norsk, både skriftleg og munnleg Vi ønskjer oss av deg: Kreativ og leiken, samtidig som du kan vere ein tydeleg vaksenperson. Aktiv og bevisst vaksen saman med barna både inne og ute Har evner til å skape gode relasjonar med barn. Kan begeistre og motivere barn, kollegaer og foreldre Er interessert i barn si utvikling og medverking. Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner overfor både barn, føresette og tilsette Bidreg til eit raust arbeidsklima. Profesjonell, lydhøyr og tillitsvekkande i møte med kollegaer og foreldre. Er aktiv deltakande i barnehagen sitt pedagogiske utviklingsarbeid og vere pådrivar i nye utviklingsprosjekt  Er fleksibel, positiv innstilt og initiativtakar Vi kan tilby: Profesjonelt og utviklingsorientert læringsfellesskap og eit godt arbeidsmiljø Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov og avtaleverk  Løn etter utdanning og praksis Rettleiingsgruppe for nye pedagogiske leiarar/barnehagelærarar Stillingsbeskriving Gratis trening  Anna: Hallingdal har eigen MiB-gruppe for menn i barnehagane, og menn blir oppfordra til å søkje Det vil ved tilsetjing bli lagt stor vekt på personleg eignaheit og evne til samarbeid Dei som blir tilsette, må leggje fram tilfredsstillande politiattest jf. Lov om barnehagar   Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju, og må leggje fram kopi av vitnemål og attestar Send søknad: Vi ber om at elektronisk søknadsskjema blir nytta. Trykk på den grøne knappen oppe til høgre: Send søknad, godta personvernvilkåra og trykk Neste (du treng ikkje å opprette brukar først). Godkjente kopiar av vitnemål og attestar må takast med til arbeidsgivar ved eventuelt intervju. Ansiennitet blir rekna ut i frå desse. Alle søkjarar vil få kvittering på at søknaden er motteken dersom de har fylt ut rett e-postadresse i søknaden. Link til søknadsskjema: Søk her
التقديم على الوظيفة

سيتم فتح صفحة التقديم الأصلية لدى الجهة الناشرة، وفق شروط NAV.