Pedagogisk leiar / barnehagelærar i Gol barnehage
Gol kommune Gol barnehage
- Arbeidssted
- GOL, BUSKERUD
- Publisert
- Søknadsfrist
- 11. okt. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Gol barnehage har ledige fast stilling som pedagogisk leiar / barnehagelærar
Gol barnehage aukar kapasiteten, med fleire barnehagar og avdelingar frå januar 2027 og har vi behov for fleire pedagogar. Gol barnehage er ei felles overordna organisering av dei tre kommunale barnehagane: Breidokk, Vesterhuset og Herad. Frå januar 2027 opnar Gol kommune ein ny barnehage med seks avdelingar. Sjå heimesida til Gol kommune for informasjon om kvar barnehage.
I Gol barnehage arbeider vi med ei kontinuerleg utvikling av barnehagane, og søkjer medarbeidarar som er interesserte i å ta aktiv del i utvikling, omsorg og læring hos kvart barn og av verksemda. Barnehagane samarbeider mykje og deltek i regionalt utviklingsprosjekt om inkluderande praksis.
Pedagogisk leiar er ein del av leiargruppa i den einskilde barnehagen, og har hovudansvar for planlegging og gjennomføring av det pedagogiske arbeidet anten aleine eller saman med fleire pedagogar på «sin» avdeling og for heile barnehagen. I tillegg skal pedagogisk leiar samarbeide med, leie og rettleie fagarbeidarar/assistentar på avdelinga aleine eller saman med anna pedagog.
Dine kvalifikasjonar:
Godkjent barnehagelærarutdanning eller tilsvarande relevant utdanning
Kunne bruke digitale verktøy i både planleggingsarbeid og som eit pedagogisk verktøy
Uttrykke deg godt på norsk, både skriftleg og munnleg
Vi ønskjer oss av deg:
Kreativ og leiken, samtidig som du kan vere ein tydeleg vaksenperson.
Aktiv og bevisst vaksen saman med barna både inne og ute
Har evner til å skape gode relasjonar med barn.
Kan begeistre og motivere barn, kollegaer og foreldre
Er interessert i barn si utvikling og medverking.
Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner overfor både barn, føresette og tilsette
Bidreg til eit raust arbeidsklima.
Profesjonell, lydhøyr og tillitsvekkande i møte med kollegaer og foreldre.
Er aktiv deltakande i barnehagen sitt pedagogiske utviklingsarbeid og vere pådrivar i nye utviklingsprosjekt
Er fleksibel, positiv innstilt og initiativtakar
Vi kan tilby:
Profesjonelt og utviklingsorientert læringsfellesskap og eit godt arbeidsmiljø
Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov og avtaleverk
Løn etter utdanning og praksis
Rettleiingsgruppe for nye pedagogiske leiarar/barnehagelærarar
Stillingsbeskriving
Gratis trening
Anna:
Hallingdal har eigen MiB-gruppe for menn i barnehagane, og menn blir oppfordra til å søkje
Det vil ved tilsetjing bli lagt stor vekt på personleg eignaheit og evne til samarbeid
Dei som blir tilsette, må leggje fram tilfredsstillande politiattest jf. Lov om barnehagar
Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju, og må leggje fram kopi av vitnemål og attestar
Send søknad:
Vi ber om at elektronisk søknadsskjema blir nytta. Trykk på den grøne knappen oppe til høgre: Send søknad, godta personvernvilkåra og trykk Neste (du treng ikkje å opprette brukar først).
Godkjente kopiar av vitnemål og attestar må takast med til arbeidsgivar ved eventuelt intervju. Ansiennitet blir rekna ut i frå desse.
Alle søkjarar vil få kvittering på at søknaden er motteken dersom de har fylt ut rett e-postadresse i søknaden.
Link til søknadsskjema: Søk her
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.