شعار النرويج الآن
Norsk
← العودة إلى وظائف النرويج
ترجمة آلية إلى العربية

Rådgivar inntak

Inntak, Møre og Romsdal fylkeskommune

مكان العمل
MOLDE، MØRE OG ROMSDAL
تاريخ النشر
آخر موعد للتقديم
27‏/11‏/2026
حجم الوظيفة
دوام كامل
نوع التوظيف
دائم
عدد الوظائف
1

تفاصيل الوظيفة

هذه ترجمة آلية لتسهيل الفهم وقد تحتوي على أخطاء. راجع النص الأصلي قبل التقديم.

Vil du vere med og forme framtidas vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal? Vi søker ein engasjert og utviklingsorientert medarbeidar til ei fast 100% stilling ved seksjon for inntak i kompetanse- og næringsavdelinga. Hos oss får du vere med på å forme framtidas vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal og bidra til utviklinga av opplæringstilboda i fylket. Du blir ein del av eit kompetent og inkluderande fagmiljø med gode moglegheiter for fagleg utvikling og samarbeid på tvers. ArbeidsoppgåverDu vil mellom anna jobbe med: saksbehandling knytt til inntak til vidaregåande opplæring, inkludert vurdering av søkarrettar og godkjenning av utanlandsk utdanning rettleiing og informasjonsarbeid overfor søkarar, føresette, skolar og samarbeidspartar arbeid med regelverk, faglege vurderingar og vidareutvikling av rutinar og arbeidsprosessar planlegging og koordinering av opplæringstilbod i samarbeid med kommunar, skolar og andre relevante aktørar Andre oppgåver kan bli aktuelle. Kvalifikasjonarhøgare relevant utdanning på masternivå. Kandidatar med bachelorgrad og relevant erfaring kan vurderast, men da til stillingstype spesialkonsulent erfaring med saksbehandling og forvaltningsarbeid, gjerne fra opplærings- eller utdanningssektoren  erfaring med å tolke og nytte lov- og regelverk i praktisk arbeid god skriftleg og munnleg formidlingsevne på norsk Det er ein fordel om du har erfaring frå arbeid med inntak til vidaregåande opplæring  erfaring med vurdering og godkjenning av utanlandsk utdanning kjennskap til opplæringslova og tilhøyrande regelverk erfaring med arbeid i offentleg sektor  Personlege eigenskaparFor å lukkast i stillinga tror vi du: trivast i samarbeid med andre og er god til å utvikle relasjonar og nettverk kommunisere godt og evner å tilpasse informasjon til ulike målgrupper har eit kritisk blikk på etablerte arbeidsmåter og kan bidra til forbetring og omstilling trivast med varierte arbeidsdagar og periodar med høgt arbeidstempo likar å ta initiativ og bidrar til kunnskapsdeling  Vi tilbyrei spennande og meiningsfull stilling i eit sterkt fagmiljø  eit godt arbeidsmiljø med engasjerte og kompetente kollegaer god moglegheiter for faglege nettverk og fagleg utvikling  offentleg pensjonsordning, gruppelivs- og ulykkesforsikring  løn etter avtale  KontaktinformasjonMaria Enstad, Seksjonsleder inntak , +4799511076, maria.enstad@mrfylke.no ArbeidsstadJulsundvegen 9 6412 Molde Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommune Referansenr.: 5190473841 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 27.11.2026
التقديم على الوظيفة

سيتم فتح صفحة التقديم الأصلية لدى الجهة الناشرة، وفق شروط NAV.