Rådgivar inntak
Inntak, Møre og Romsdal fylkeskommune
- Arbeidssted
- MOLDE, MØRE OG ROMSDAL
- Publisert
- Søknadsfrist
- 27. nov. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Vil du vere med og forme framtidas vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal?
Vi søker ein engasjert og utviklingsorientert medarbeidar til ei fast 100% stilling ved seksjon for inntak i kompetanse- og næringsavdelinga. Hos oss får du vere med på å forme framtidas vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal og bidra til utviklinga av opplæringstilboda i fylket.
Du blir ein del av eit kompetent og inkluderande fagmiljø med gode moglegheiter for fagleg utvikling og samarbeid på tvers.
ArbeidsoppgåverDu vil mellom anna jobbe med:
saksbehandling knytt til inntak til vidaregåande opplæring, inkludert vurdering av søkarrettar og godkjenning av utanlandsk utdanning
rettleiing og informasjonsarbeid overfor søkarar, føresette, skolar og samarbeidspartar
arbeid med regelverk, faglege vurderingar og vidareutvikling av rutinar og arbeidsprosessar
planlegging og koordinering av opplæringstilbod i samarbeid med kommunar, skolar og andre relevante aktørar
Andre oppgåver kan bli aktuelle.
Kvalifikasjonarhøgare relevant utdanning på masternivå. Kandidatar med bachelorgrad og relevant erfaring kan vurderast, men da til stillingstype spesialkonsulent
erfaring med saksbehandling og forvaltningsarbeid, gjerne fra opplærings- eller utdanningssektoren
erfaring med å tolke og nytte lov- og regelverk i praktisk arbeid
god skriftleg og munnleg formidlingsevne på norsk
Det er ein fordel om du har
erfaring frå arbeid med inntak til vidaregåande opplæring
erfaring med vurdering og godkjenning av utanlandsk utdanning
kjennskap til opplæringslova og tilhøyrande regelverk
erfaring med arbeid i offentleg sektor
Personlege eigenskaparFor å lukkast i stillinga tror vi du:
trivast i samarbeid med andre og er god til å utvikle relasjonar og nettverk
kommunisere godt og evner å tilpasse informasjon til ulike målgrupper
har eit kritisk blikk på etablerte arbeidsmåter og kan bidra til forbetring og omstilling
trivast med varierte arbeidsdagar og periodar med høgt arbeidstempo
likar å ta initiativ og bidrar til kunnskapsdeling
Vi tilbyrei spennande og meiningsfull stilling i eit sterkt fagmiljø
eit godt arbeidsmiljø med engasjerte og kompetente kollegaer
god moglegheiter for faglege nettverk og fagleg utvikling
offentleg pensjonsordning, gruppelivs- og ulykkesforsikring
løn etter avtale
KontaktinformasjonMaria Enstad, Seksjonsleder inntak , +4799511076, maria.enstad@mrfylke.no
ArbeidsstadJulsundvegen 9
6412 Molde
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommune
Referansenr.: 5190473841
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 27.11.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.