Ambulansearbeider/Paramedisiner
Ambulanseseksjon Smøla-Aure, Helse Møre og Romsdal HF
- مكان العمل
- SMØLA، MØRE OG ROMSDAL
- تاريخ النشر
- آخر موعد للتقديم
- 02/10/2026
- حجم الوظيفة
- دوام كامل
- نوع التوظيف
- دائم
- عدد الوظائف
- 1
تفاصيل الوظيفة
هذه ترجمة آلية لتسهيل الفهم وقد تحتوي على أخطاء. راجع النص الأصلي قبل التقديم.
Vi har ledig fast stilling for Ambulansearbeidar/Paramedisiner!
Seksjon Smøla/Aure ambulanse er ein del av Klinikk for prehospitale tenester i Helse Møre og Romsdal HF, som organiserer den prehospitale aktiviteten i fylket med ambulanse, båt-, luftambulanse og akuttmedisinsk kommunikasjonssentral (AMK/113), samt pasientreiser. Vi er ein seksjon med eit godt arbeidsmiljø og engasjerte kollegaer, som alltid har fokus på best mogleg pasientbehandling.
Dersom du søker utfordringar og ynskjer å vere del av eit profesjonelt team, vil vi gjerne ha deg med! Vi har gode turnusordninger både ved Smøla og Aure ambulansestasjon.
Ved intern omrokkering kan anna stilling verte ledig. Det må også påreknast arbeid ved andre stasjonar.
Er dette noko for deg, er du velkomen som søkjar på stillinga.
Sjå her for meir informasjon om prehospitale tenester!
ArbeidsoppgåverUtføre ambulanse- og redningsoppdrag
Samhandle med interne og eksterne aktørar i den akuttmedisinske kjeden etter oppdrag frå AMK
Samarbeide i team og samarbeidsetatar
Delta på undervisning og sertifiseringar
Vedlikehald av faglege delegeringar som ligg til stillinga
Interne arbeidsoppgåver på bil og stasjon
Utøve sitt arbeid i tråd med lover, forskrifter, prosedyrer og internt reglement som er gjeldande for Helseforetaket
KvalifikasjonarAutorisasjon som ambulansearbeidar eller paramedisiner
Søkjer med prehospital utdanning frå utlandet og med norsk autorisasjon som ambulansearbeidar vil bli vurdert
Utrykningskurs gjennomført og dokumentert kompetansebevis for utrykningsførar (kode 160)
Førarkort klasse C1
Farmakologiutdanning tilsvarande 5 studiepoeng på høgskulenivå
Delta og bestå sertifisering trinn 2 etter program i kompetanseplanen for ambulansetenesta i Midt-Norge
Ønskjeleg med Paramedic-utdanning eller motivasjon til å fullføre denne
Bestått AMLS/PHTLS etter kompetanseplanen for ambulansetenesta i Midt-Norge
Politiattest kreves før tilsetting i stillinga, etter lov om helsepersonell §20a
Fysisk og psykisk eigna; fysisk test før tilsetting og årleg resertifisering
Personlege eigenskaparTydelig og respektfull kommunikasjon med pasientar og kollegaer
Evne til å prioritere riktig i nødsituasjonar
Motiverande, fleksibel og tilpasningsdyktig
Gode datakunnskapar og evne til samarbeid
God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne, og er ein konstruktiv bidragsytar i eit tverrfagleg arbeidsmiljø
Fagleg engasjert og ansvarsbevisst, har pågangsmot og likar utfordringar
Ved vurdering av den best kvalifiserte, vert det vektlagt utdanning, erfaring og personleg eignaheit, samt motivasjon for stillinga.
Vi tilbyrSterkt tverrfagleg samarbeid
Ein inkluderande arbeidsplass
Løn etter gjeldande overeinskomstar
Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attestar og vitnemål vert skanna og lasta opp som vedlegg til CV-en din når du søkjer.
KontaktinformasjonPer Johan Viggen, Seksjonsleiar, Per.Johan.Viggen@helse-mr.no
ArbeidsstadStornesveien 24
6570 Smøla
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 5180572506
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 02.10.2026
سيتم فتح صفحة التقديم الأصلية لدى الجهة الناشرة، وفق شروط NAV.