Norge nå-logo
Tilbake til Jobber i Norge

Ambulansearbeider/Paramedisiner

Ambulanseseksjon Smøla-Aure, Helse Møre og Romsdal HF

Arbeidssted
SMØLA, MØRE OG ROMSDAL
Publisert
Søknadsfrist
2. okt. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Fast
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Vi har ledig fast stilling for Ambulansearbeidar/Paramedisiner! Seksjon Smøla/Aure ambulanse er ein del av Klinikk for prehospitale tenester i Helse Møre og Romsdal HF, som organiserer den prehospitale aktiviteten i fylket med ambulanse, båt-, luftambulanse og akuttmedisinsk kommunikasjonssentral (AMK/113), samt pasientreiser. Vi er ein seksjon med eit godt arbeidsmiljø og engasjerte kollegaer, som alltid har fokus på best mogleg pasientbehandling. Dersom du søker utfordringar og ynskjer å vere del av eit profesjonelt team, vil vi gjerne ha deg med! Vi har gode turnusordninger både ved Smøla og Aure ambulansestasjon.  Ved intern omrokkering kan anna stilling verte ledig. Det må også påreknast arbeid ved andre stasjonar. Er dette noko for deg, er du velkomen som søkjar på stillinga. Sjå her for meir informasjon om prehospitale tenester! ArbeidsoppgåverUtføre ambulanse- og redningsoppdrag Samhandle med interne og eksterne aktørar i den akuttmedisinske kjeden etter oppdrag frå AMK Samarbeide i team og samarbeidsetatar Delta på undervisning og sertifiseringar Vedlikehald av faglege delegeringar som ligg til stillinga Interne arbeidsoppgåver på bil og stasjon Utøve sitt arbeid i tråd med lover, forskrifter, prosedyrer og internt reglement som er gjeldande for Helseforetaket KvalifikasjonarAutorisasjon som ambulansearbeidar eller paramedisiner Søkjer med prehospital utdanning frå utlandet og med norsk autorisasjon som ambulansearbeidar vil bli vurdert Utrykningskurs gjennomført og dokumentert kompetansebevis for utrykningsførar (kode 160) Førarkort klasse C1 Farmakologiutdanning tilsvarande 5 studiepoeng på høgskulenivå Delta og bestå sertifisering trinn 2 etter program i kompetanseplanen for ambulansetenesta i Midt-Norge Ønskjeleg med Paramedic-utdanning eller motivasjon til å fullføre denne Bestått AMLS/PHTLS etter kompetanseplanen for ambulansetenesta i Midt-Norge Politiattest kreves før tilsetting i stillinga, etter lov om helsepersonell §20a Fysisk og psykisk eigna; fysisk test før tilsetting og årleg resertifisering Personlege eigenskaparTydelig og respektfull kommunikasjon med pasientar og kollegaer Evne til å prioritere riktig i nødsituasjonar Motiverande, fleksibel og tilpasningsdyktig Gode datakunnskapar og evne til samarbeid God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne, og er ein konstruktiv bidragsytar i eit tverrfagleg arbeidsmiljø Fagleg engasjert og ansvarsbevisst, har pågangsmot og likar utfordringar Ved vurdering av den best kvalifiserte, vert det vektlagt utdanning, erfaring og personleg eignaheit, samt motivasjon for stillinga. Vi tilbyrSterkt tverrfagleg samarbeid Ein inkluderande arbeidsplass Løn etter gjeldande overeinskomstar Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår Vi ber om at attestar og vitnemål vert skanna og lasta opp som vedlegg til CV-en din når du søkjer. KontaktinformasjonPer Johan Viggen, Seksjonsleiar, Per.Johan.Viggen@helse-mr.no ArbeidsstadStornesveien 24 6570 Smøla Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF Referansenr.: 5180572506 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 02.10.2026
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.