شعار النرويج الآن
Norsk
العودة إلى وظائف النرويج
ترجمة آلية إلى العربية

Helsefagarbeidar - 100% fast

Sjukeheimen langtidsavdeling, Vinje kommune

مكان العمل
VINJE، TELEMARK
تاريخ النشر
آخر موعد للتقديم
27‏/09‏/2026
حجم الوظيفة
دوام كامل
نوع التوظيف
دائم
عدد الوظائف
1

تفاصيل الوظيفة

هذه ترجمة آلية لتسهيل الفهم وقد تحتوي على أخطاء. راجع النص الأصلي قبل التقديم.

Vil du ha ein jobb der du gjer ein forskjell kvar dag, utviklar deg fagleg og der me har fokus på eit inkluderande arbeidsmiljø? Vinje sjukeheim søkjer ein engasjert helsefagarbeidar i 100 % fast stilling. Hos oss får du ein variert og meiningsfull arbeidskvardag der du er med på å skape tryggleik, meistring og gode opplevingar for bebuarane våre. Ved Vinje sjukeheim er me opptekne av å sjå den enkelte bebuar. Me legg vekt på livskvalitet og gode relasjonar. Kvar dag jobbar me for å skape ein trygg og meiningsfull kvardag for bebuarane gjennom omsorg, fagleg kvalitet og aktivitetar som gir glede og meistring. Som medarbeidar hos oss blir du ein del av eit inkluderande fagmiljø der dine idear og meiningar blir hørt. Du får god opplæring, støtte frå erfarne kollegaer og moglegheit til å utvikle kompetansen din innan eldreomsorg og demensomsorg. Me nyttar årsturnus, noko som gir deg stor grad av fleksibilitet og innverknad på eigen arbeidskvardag. Saman skaper me ikkje berre gode dagar for bebuarane våre, men også ein arbeidsplass der folk trivst, utviklar seg og blir verande. Langtidsavdelinga har 25 rom fordelt på tre grupper. To av gruppene er tilpassa personar med demens, og ei gruppe er ei somatisk langtidsavdeling.  ArbeidsoppgåverPleie- og omsorgsoppgåver i tråd med bebuarane sine individuelle behov Helsefaglege observasjonar, vurderingar og dokumentasjon Medikamenthandtering etter gjeldande rutinar og delegering Samarbeid med pårørande og andre faggrupper for å sikre heilskaplege tenester Aktiv deltaking i miljøarbeid og aktivitetar som fremjar trivsel, sosialt fellesskap og livsglede Bidra til fagutvikling, kvalitetsforbetring og eit godt arbeidsmiljø Rettleiing av elevar, lærlingar og nytilsette ved behov KvalifikasjonarAutorisasjon som helsefagarbeidar er ønskjeleg Søkjarar med relevant erfaring frå arbeid i sjukeheim eller innan demensomsorg vil òg bli vurderte Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg Personlege eigenskaparMøte bebuarar, pårørande og kollegaer med respekt, omsorg og empati Er oppteken av å skape trygge, gode og meiningsfulle dagar for bebuarane Har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner Tek ansvar og arbeider sjølvstendig når situasjonen krev det Er fleksibel og løysingsorientert i ein variert arbeidskvardag Bidreg til eit positivt, inkluderande og utviklingsretta arbeidsmiljø Er fagleg engasjert og ønskjer å bidra til kvalitet og utvikling i tenestene Har evne til å skape tillit og gode relasjonar Me legg vekt på personlege eigenskapar ved tilsetjing. Vi tilbyrGod forsikrings- og pensjonsordning Aktivitetskortordning med gåvekort, og mogelegheit for å vinne flotte premiar Ein arbeidsplass i naturskjønne omgjevnader med gode moglegheiter for friluftsliv året rundt Ei meiningsfull og variert stilling i eit godt fagmiljø Eit inkluderande arbeidsmiljø med engasjerte og dyktige kollegaer God opplæring og støtte frå oppstart Moglegheit for fagleg utvikling Fleksibilitet og påverknad på turnus Vinje kommune nyttar nynorsk som offisielt skriftspråk. I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.  For stillingar der det er krav om politiattest, må godkjend attest leggast fram før tilsetting. Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn. Bur du i Vinje kommune kan du søkje om å få sletta studielånet. Sjå lånekassa for vilkår. KontaktinformasjonHanne Kristin Finkenhagen, Avselingsleiar langtidsavdelinga, +47 99 25 16 24, hanne.kristin.finkenhagen@Vinje.kommune.no ArbeidsstadVinjevegen 212 3890 Vinje Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Vinje kommune Referansenr.: 5155614376 Stillingsprosent: 100% Fast Startdato: 01.10.2026 Søknadsfrist: 27.09.2026
النص الأصلي للإعلان
Vil du ha ein jobb der du gjer ein forskjell kvar dag, utviklar deg fagleg og der me har fokus på eit inkluderande arbeidsmiljø? Vinje sjukeheim søkjer ein engasjert helsefagarbeidar i 100 % fast stilling. Hos oss får du ein variert og meiningsfull arbeidskvardag der du er med på å skape tryggleik, meistring og gode opplevingar for bebuarane våre. Ved Vinje sjukeheim er me opptekne av å sjå den enkelte bebuar. Me legg vekt på livskvalitet og gode relasjonar. Kvar dag jobbar me for å skape ein trygg og meiningsfull kvardag for bebuarane gjennom omsorg, fagleg kvalitet og aktivitetar som gir glede og meistring. Som medarbeidar hos oss blir du ein del av eit inkluderande fagmiljø der dine idear og meiningar blir hørt. Du får god opplæring, støtte frå erfarne kollegaer og moglegheit til å utvikle kompetansen din innan eldreomsorg og demensomsorg. Me nyttar årsturnus, noko som gir deg stor grad av fleksibilitet og innverknad på eigen arbeidskvardag. Saman skaper me ikkje berre gode dagar for bebuarane våre, men også ein arbeidsplass der folk trivst, utviklar seg og blir verande. Langtidsavdelinga har 25 rom fordelt på tre grupper. To av gruppene er tilpassa personar med demens, og ei gruppe er ei somatisk langtidsavdeling.  ArbeidsoppgåverPleie- og omsorgsoppgåver i tråd med bebuarane sine individuelle behov Helsefaglege observasjonar, vurderingar og dokumentasjon Medikamenthandtering etter gjeldande rutinar og delegering Samarbeid med pårørande og andre faggrupper for å sikre heilskaplege tenester Aktiv deltaking i miljøarbeid og aktivitetar som fremjar trivsel, sosialt fellesskap og livsglede Bidra til fagutvikling, kvalitetsforbetring og eit godt arbeidsmiljø Rettleiing av elevar, lærlingar og nytilsette ved behov KvalifikasjonarAutorisasjon som helsefagarbeidar er ønskjeleg Søkjarar med relevant erfaring frå arbeid i sjukeheim eller innan demensomsorg vil òg bli vurderte Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg Personlege eigenskaparMøte bebuarar, pårørande og kollegaer med respekt, omsorg og empati Er oppteken av å skape trygge, gode og meiningsfulle dagar for bebuarane Har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner Tek ansvar og arbeider sjølvstendig når situasjonen krev det Er fleksibel og løysingsorientert i ein variert arbeidskvardag Bidreg til eit positivt, inkluderande og utviklingsretta arbeidsmiljø Er fagleg engasjert og ønskjer å bidra til kvalitet og utvikling i tenestene Har evne til å skape tillit og gode relasjonar Me legg vekt på personlege eigenskapar ved tilsetjing. Vi tilbyrGod forsikrings- og pensjonsordning Aktivitetskortordning med gåvekort, og mogelegheit for å vinne flotte premiar Ein arbeidsplass i naturskjønne omgjevnader med gode moglegheiter for friluftsliv året rundt Ei meiningsfull og variert stilling i eit godt fagmiljø Eit inkluderande arbeidsmiljø med engasjerte og dyktige kollegaer God opplæring og støtte frå oppstart Moglegheit for fagleg utvikling Fleksibilitet og påverknad på turnus Vinje kommune nyttar nynorsk som offisielt skriftspråk. I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.  For stillingar der det er krav om politiattest, må godkjend attest leggast fram før tilsetting. Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn. Bur du i Vinje kommune kan du søkje om å få sletta studielånet. Sjå lånekassa for vilkår. KontaktinformasjonHanne Kristin Finkenhagen, Avselingsleiar langtidsavdelinga, +47 99 25 16 24, hanne.kristin.finkenhagen@vinje.kommune.no ArbeidsstadVinjevegen 212 3890 Vinje Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Vinje kommune Referansenr.: 5155614376 Stillingsprosent: 100% Fast Startdato: 01.10.2026 Søknadsfrist: 27.09.2026
التقديم على الوظيفة

سيتم فتح صفحة التقديم الأصلية لدى الجهة الناشرة، وفق شروط NAV.