Helsefagarbeidar - 100% fast
Sjukeheimen langtidsavdeling, Vinje kommune
- Arbeidssted
- VINJE, TELEMARK
- Publisert
- Søknadsfrist
- 27. sep. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Vil du ha ein jobb der du gjer ein forskjell kvar dag, utviklar deg fagleg og der me har fokus på eit inkluderande arbeidsmiljø?
Vinje sjukeheim søkjer ein engasjert helsefagarbeidar i 100 % fast stilling. Hos oss får du ein variert og meiningsfull arbeidskvardag der du er med på å skape tryggleik, meistring og gode opplevingar for bebuarane våre.
Ved Vinje sjukeheim er me opptekne av å sjå den enkelte bebuar. Me legg vekt på livskvalitet og gode relasjonar. Kvar dag jobbar me for å skape ein trygg og meiningsfull kvardag for bebuarane gjennom omsorg, fagleg kvalitet og aktivitetar som gir glede og meistring. Som medarbeidar hos oss blir du ein del av eit inkluderande fagmiljø der dine idear og meiningar blir hørt.
Du får god opplæring, støtte frå erfarne kollegaer og moglegheit til å utvikle kompetansen din innan eldreomsorg og demensomsorg. Me nyttar årsturnus, noko som gir deg stor grad av fleksibilitet og innverknad på eigen arbeidskvardag. Saman skaper me ikkje berre gode dagar for bebuarane våre, men også ein arbeidsplass der folk trivst, utviklar seg og blir verande.
Langtidsavdelinga har 25 rom fordelt på tre grupper. To av gruppene er tilpassa personar med demens, og ei gruppe er ei somatisk langtidsavdeling.
ArbeidsoppgåverPleie- og omsorgsoppgåver i tråd med bebuarane sine individuelle behov
Helsefaglege observasjonar, vurderingar og dokumentasjon
Medikamenthandtering etter gjeldande rutinar og delegering
Samarbeid med pårørande og andre faggrupper for å sikre heilskaplege tenester
Aktiv deltaking i miljøarbeid og aktivitetar som fremjar trivsel, sosialt fellesskap og livsglede
Bidra til fagutvikling, kvalitetsforbetring og eit godt arbeidsmiljø
Rettleiing av elevar, lærlingar og nytilsette ved behov
KvalifikasjonarAutorisasjon som helsefagarbeidar er ønskjeleg
Søkjarar med relevant erfaring frå arbeid i sjukeheim eller innan demensomsorg vil òg bli vurderte
Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskaparMøte bebuarar, pårørande og kollegaer med respekt, omsorg og empati
Er oppteken av å skape trygge, gode og meiningsfulle dagar for bebuarane
Har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
Tek ansvar og arbeider sjølvstendig når situasjonen krev det
Er fleksibel og løysingsorientert i ein variert arbeidskvardag
Bidreg til eit positivt, inkluderande og utviklingsretta arbeidsmiljø
Er fagleg engasjert og ønskjer å bidra til kvalitet og utvikling i tenestene
Har evne til å skape tillit og gode relasjonar
Me legg vekt på personlege eigenskapar ved tilsetjing.
Vi tilbyrGod forsikrings- og pensjonsordning
Aktivitetskortordning med gåvekort, og mogelegheit for å vinne flotte premiar
Ein arbeidsplass i naturskjønne omgjevnader med gode moglegheiter for friluftsliv året rundt
Ei meiningsfull og variert stilling i eit godt fagmiljø
Eit inkluderande arbeidsmiljø med engasjerte og dyktige kollegaer
God opplæring og støtte frå oppstart
Moglegheit for fagleg utvikling
Fleksibilitet og påverknad på turnus
Vinje kommune nyttar nynorsk som offisielt skriftspråk.
I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
For stillingar der det er krav om politiattest, må godkjend attest leggast fram før tilsetting.
Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
Bur du i Vinje kommune kan du søkje om å få sletta studielånet. Sjå lånekassa for vilkår.
KontaktinformasjonHanne Kristin Finkenhagen, Avselingsleiar langtidsavdelinga, +47 99 25 16 24, hanne.kristin.finkenhagen@vinje.kommune.no
ArbeidsstadVinjevegen 212
3890 Vinje
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Vinje kommune
Referansenr.: 5155614376
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.10.2026
Søknadsfrist: 27.09.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.