Operasjonssjukepleiar
Operasjon Volda, Helse Møre og Romsdal HF
- مكان العمل
- VOLDA، MØRE OG ROMSDAL
- تاريخ النشر
- آخر موعد للتقديم
- 07/10/2026
- حجم الوظيفة
- دوام كامل
- نوع التوظيف
- مؤقت / بديل
- عدد الوظائف
- 1
تفاصيل الوظيفة
هذه ترجمة آلية لتسهيل الفهم وقد تحتوي على أخطاء. راجع النص الأصلي قبل التقديم.
Vi har ledige vikariat for autoriserte operasjonssjukepleiarar ved operasjonsavdelinga på Volda sjukehus.
Seksjon for operasjon i Volda utfører operasjonar innan ortopedi, generell kirurgi, urologi, gynekologi og fødselshjelp. Seksjonen deltek også i sjukehuset sitt traumeteam og har ein variert og spennande arbeidskvardag. Hos oss blir du ein del av eit engasjert fagmiljø med høg kompetanse og fokus på kvalitet og pasienttryggleik. Arbeidskvardagen er prega av tett tverrfagleg samarbeid, høgt tempo og varierte oppgåver, alltid med pasienten i sentrum.
Seksjonen har stor aktivitet, og dei tilsette arbeider i tredelt turnus. Vi søkjer deg som er fagleg interessert, samarbeidsviljug og trivst i eit aktivt og utviklande arbeidsmiljø.
ArbeidsoppgåverOperasjonsjukepleie innan aktuelle fagområder
Planlegge, gjennomføre og evaluerer pasientbehandling i operasjonsavdelinga
Sikre pasienttryggleik og kvalitet i behandlinga
Samarbeide tett med anna helsepersonell for heilskapleg behandling
Delta i opplæring og rettleiing av nytt personell
Bidra til kontinuerleg forbetring av rutinar og prosedyrar
KvalifikasjonarAutorisasjon som sjukepleiar
Vidareutdanning som spesialsjukepleiar innan operasjon
Søkjar må ha gode norskkunnskapar både munnleg og skrifteleg
Personlege eigenskaparDu er strukturert
Du er sjølvstendig og bidreg til eit godt samarbeid
Du er fleksibel
Du er motivert av fag og fagutvikling
Du medverker til eit godt arbeidsmiljø
Du trivst i eit aktivt arbeidsmiljø med høgt tempo
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyrSterkt tverrfagleg samarbeid
Ein inkluderande arbeidsplass
Løn etter gjeldande overeinskomstar
Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Volda ligger midt i det beste Norge kan by på av fjord og fjell. Opplev Sunnmøre med alt den flotte naturen kan by på, fra djupe fjorder og vakkert kystlandskap, til flate fjelldalar, utfordrande klatreturar og fantastiske toppturar. Vi byr også på eit blomstrande kultur- og idrettsliv, og eit aktivt høgskulemiljø. Det er gode flysamband til heile landet frå Ørsta/Volda lufthamn som ligg 10 minutt frå sjukehuset. Les meir om Volda her.
KontaktinformasjonCamilla Brungot Kile, Konstituert seksjonsleiar, Camilla.Brungot.Kile@helse-mr.no
ArbeidsstadKløvertunvegen 1
6103 Volda
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 5183926798
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 07.10.2026
سيتم فتح صفحة التقديم الأصلية لدى الجهة الناشرة، وفق شروط NAV.