Norge nå-logo
Tilbake til Jobber i Norge

Operasjonssjukepleiar

Operasjon Volda, Helse Møre og Romsdal HF

Arbeidssted
VOLDA, MØRE OG ROMSDAL
Publisert
Søknadsfrist
7. okt. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Vikariat
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Vi har ledige vikariat for autoriserte operasjonssjukepleiarar ved operasjonsavdelinga på Volda sjukehus. Seksjon for operasjon i Volda utfører operasjonar innan ortopedi, generell kirurgi, urologi, gynekologi og fødselshjelp. Seksjonen deltek også i sjukehuset sitt traumeteam og har ein variert og spennande arbeidskvardag. Hos oss blir du ein del av eit engasjert fagmiljø med høg kompetanse og fokus på kvalitet og pasienttryggleik. Arbeidskvardagen er prega av tett tverrfagleg samarbeid, høgt tempo og varierte oppgåver, alltid med pasienten i sentrum. Seksjonen har stor aktivitet, og dei tilsette arbeider i tredelt turnus. Vi søkjer deg som er fagleg interessert, samarbeidsviljug og trivst i eit aktivt og utviklande arbeidsmiljø. ArbeidsoppgåverOperasjonsjukepleie innan aktuelle fagområder Planlegge, gjennomføre og evaluerer pasientbehandling i operasjonsavdelinga Sikre pasienttryggleik og kvalitet i behandlinga Samarbeide tett med anna helsepersonell for heilskapleg behandling Delta i opplæring og rettleiing av nytt personell Bidra til kontinuerleg forbetring av rutinar og prosedyrar KvalifikasjonarAutorisasjon som sjukepleiar Vidareutdanning som spesialsjukepleiar innan operasjon  Søkjar må ha gode norskkunnskapar både munnleg og skrifteleg Personlege eigenskaparDu er strukturert Du er sjølvstendig og bidreg til eit godt samarbeid Du er fleksibel Du er motivert av fag og fagutvikling Du medverker til eit godt arbeidsmiljø Du trivst i eit aktivt arbeidsmiljø med høgt tempo Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting. Vi tilbyrSterkt tverrfagleg samarbeid Ein inkluderande arbeidsplass Løn etter gjeldande overeinskomstar Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din. Volda ligger midt i det beste Norge kan by på av fjord og fjell. Opplev Sunnmøre med alt den flotte naturen kan by på, fra djupe fjorder og vakkert kystlandskap, til flate fjelldalar, utfordrande klatreturar og fantastiske toppturar. Vi byr også på eit blomstrande kultur- og idrettsliv, og eit aktivt høgskulemiljø. Det er gode flysamband til heile landet frå Ørsta/Volda lufthamn som ligg 10 minutt frå sjukehuset. Les meir om Volda her.  KontaktinformasjonCamilla Brungot Kile, Konstituert seksjonsleiar, Camilla.Brungot.Kile@helse-mr.no ArbeidsstadKløvertunvegen 1 6103 Volda Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF Referansenr.: 5183926798 Stillingsprosent: 100% Vikariat Søknadsfrist: 07.10.2026
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.