شعار النرويج الآن
Norsk
← العودة إلى وظائف النرويج
ترجمة آلية إلى العربية

Psykologspesialist 

Vaksenhabilitering, Helse Førde

مكان العمل
SUNNFJORD، FØRDE، VESTLAND
تاريخ النشر
آخر موعد للتقديم
12‏/11‏/2026
حجم الوظيفة
دوام كامل
نوع التوظيف
دائم
عدد الوظائف
1

تفاصيل الوظيفة

هذه ترجمة آلية لتسهيل الفهم وقد تحتوي على أخطاء. راجع النص الأصلي قبل التقديم.

Psykiatrisk klinikk, seksjon for vaksenhabilitering har ledig fast 100 % stilling som psykologspesialist. Vi søkjer ein engasjert og dyktig psykologspesialist til eit spennande og variert fagfelt. Vaksenhabiliteringa er eit tverrfagleg team med åtte tilsette og kontorplassar i Førde, Sogndal og Nordfjordeid. Teamet gir ambulante spesialisthelsetenester i Sunnfjord, Nordfjord og Sogn. Kontorstad for denne stillinga er Førde. HAVO sine tenester er retta mot vaksne personar med medfødd eller tidleg erverva funksjonsnedsetting. Utgreiing og diagnostisering av utviklingshemming og autisme er dei mest sentrale oppgåvene for psykologspesialisten i teamet. Andre oppgåver som er relevante er miljøbehandling og vurderinger i samband med inntak og avslutning av pasienter. Ofte er utfordringane til våre pasienter komplekse og samansette, med somatiske og psykiske tilleggsvanskar som krev tverrfagleg oppfølging.  HAVO har to psykologspesialist/psykolog stillingar. Dei øvrige yrkesgruppene i teamet er lege, vernepleiarar, sjukepleiar og spesialpedagog. Arbeidsforma vår er førebygging, støtte og behandling i pasienten sitt heimemiljø, tiltak i akutte kriser og rettleiing. Psykologspesialiststillinga har primært arbeid i poliklinikken, men vekentlege ambulante oppdrag må påreknast. Vi søkjer primært etter ein psykologspesialist med interesse for fagfeltet.  ArbeidsoppgåverNevropsykologisk utgreiing og diagnostisering Miljøbehandling Råd og rettleiing til pasientar og samarbeidspartar Tverrfagleg og tverretatleg samarbeid Vurdering av henvisninger og pasientinntak Bidra i fagutvikling Kurs, undervisning og pasientopplæring KvalifikasjonarNorsk autorisasjon som psykolog Kjennskap til og interesse for fagfeltet Erfaring med utgreiing og nevropsykologisk testing er ein fordel God munnleg og skriftleg fremstillingsevne på norsk  Personlege eigenskaparGode samarbeids- og kommunikasjonsevner Evne til å arbeide målretta og sjølvstendig Trivast med tverrfagleg samarbeid Fleksibel og bidreg positivt til eit godt arbeidsmiljø  Personleg eignaheit vil bli vektlagd  Vi tilbyrSpennande faglege utfordringar og oppgåver Tverrfagleg og kompetent fagmiljø   Opplæring og rettleiing Eit robust og godt arbeidsmiljø Gode pensjons- og forsikringsordningar Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst Fleksitidsavtale Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonMerete Stavang, Seksjonsleiar Vaksenhabilitering, (+47) 466 29 769 ArbeidsstedSvanehaugvegen 2 6812 Førde Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Helse Førde Referansenr.: 5201986730 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 12.11.2026
التقديم على الوظيفة

سيتم فتح صفحة التقديم الأصلية لدى الجهة الناشرة، وفق شروط NAV.