Psykologspesialist
Vaksenhabilitering, Helse Førde
- Arbeidssted
- SUNNFJORD, FØRDE, VESTLAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 12. nov. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Psykiatrisk klinikk, seksjon for vaksenhabilitering har ledig fast 100 % stilling som psykologspesialist.
Vi søkjer ein engasjert og dyktig psykologspesialist til eit spennande og variert fagfelt. Vaksenhabiliteringa er eit tverrfagleg team med åtte tilsette og kontorplassar i Førde, Sogndal og Nordfjordeid. Teamet gir ambulante spesialisthelsetenester i Sunnfjord, Nordfjord og Sogn. Kontorstad for denne stillinga er Førde.
HAVO sine tenester er retta mot vaksne personar med medfødd eller tidleg erverva funksjonsnedsetting. Utgreiing og diagnostisering av utviklingshemming og autisme er dei mest sentrale oppgåvene for psykologspesialisten i teamet. Andre oppgåver som er relevante er miljøbehandling og vurderinger i samband med inntak og avslutning av pasienter. Ofte er utfordringane til våre pasienter komplekse og samansette, med somatiske og psykiske tilleggsvanskar som krev tverrfagleg oppfølging.
HAVO har to psykologspesialist/psykolog stillingar. Dei øvrige yrkesgruppene i teamet er lege, vernepleiarar, sjukepleiar og spesialpedagog. Arbeidsforma vår er førebygging, støtte og behandling i pasienten sitt heimemiljø, tiltak i akutte kriser og rettleiing. Psykologspesialiststillinga har primært arbeid i poliklinikken, men vekentlege ambulante oppdrag må påreknast.
Vi søkjer primært etter ein psykologspesialist med interesse for fagfeltet.
ArbeidsoppgåverNevropsykologisk utgreiing og diagnostisering
Miljøbehandling
Råd og rettleiing til pasientar og samarbeidspartar
Tverrfagleg og tverretatleg samarbeid
Vurdering av henvisninger og pasientinntak
Bidra i fagutvikling
Kurs, undervisning og pasientopplæring
KvalifikasjonarNorsk autorisasjon som psykolog
Kjennskap til og interesse for fagfeltet
Erfaring med utgreiing og nevropsykologisk testing er ein fordel
God munnleg og skriftleg fremstillingsevne på norsk
Personlege eigenskaparGode samarbeids- og kommunikasjonsevner
Evne til å arbeide målretta og sjølvstendig
Trivast med tverrfagleg samarbeid
Fleksibel og bidreg positivt til eit godt arbeidsmiljø
Personleg eignaheit vil bli vektlagd
Vi tilbyrSpennande faglege utfordringar og oppgåver
Tverrfagleg og kompetent fagmiljø
Opplæring og rettleiing
Eit robust og godt arbeidsmiljø
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
Fleksitidsavtale
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
KontaktinformasjonMerete Stavang, Seksjonsleiar Vaksenhabilitering, (+47) 466 29 769
ArbeidsstedSvanehaugvegen 2
6812 Førde
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Helse Førde
Referansenr.: 5201986730
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 12.11.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.