Faste helgestillingar i Avdeling stemningslidingar, S1
Psykiatrisk klinikk, Helse Bergen HF
- مكان العمل
- BERGEN، VESTLAND
- تاريخ النشر
- آخر موعد للتقديم
- 15/11/2026
- حجم الوظيفة
- دوام جزئي
- نوع التوظيف
- دائم
- عدد الوظائف
- 4
تفاصيل الوظيفة
هذه ترجمة آلية لتسهيل الفهم وقد تحتوي على أخطاء. راجع النص الأصلي قبل التقديم.
S1 er ein lukka døgnseksjon med 11 sengeplassar. Vi gir spesialisert utgreiing og behandling til pasientar med stemningslidingar. Målgruppa er pasientar med bipolare lidingar, alvorleg depresjon, affektive psykosar og blanda tilstandar.
Vi har ledig fast helgestilling som assistent i psykiatri. S1 har eit godt fagleg arbeidsmiljø, og vi søker deg som ønsker å bidra til og ta del i å oppretthalde dette.
Fast helgestilling inneber per i dag arbeid i todelt turnus kvar tredje helg. For å oppretthalde samansettinga i personalgruppa blir menn oppmoda til å søke. Kandidatar kan bli kalla inn til intervju undervegs i prosessen.
ArbeidsoppgåverGod oppfølging av pasientar med fokus på individuelle behov, aktivitet og daglege gjeremål
Tverrfagleg arbeid i sengeposten, inkludert gjennomføring av planlagd behandling i tråd med god klinisk praksis, sjukehuset sine mål og gjeldande regelverk
Utøve god miljøterapi under rettleiing av sjukepleiar/vernepleiar
Dokumentere og rapportere observasjonar og utførte tiltak
Praktiske oppgåver knytte til drifta av sengeposten
KvalifikasjonarVi søker fortrinnsvis studentar innan sjukepleie, vernepleie, psykologi (profesjon) og medisin, men andre søkarar blir òg vurderte
Vi ønsker å knyte til oss medarbeidarar som er fleksible, løysingsorienterte og fagleg engasjerte
Personleg eignaheit er eit krav
Erfaring frå arbeid med psykisk sjuke menneske er ein fordel
Søkar må meistre norsk svært godt, både skriftleg og munnleg
Sjukepleiar, vernepleiar og helsefagarbeidar må ha norsk autorisasjon
Vi søker deg somHar motivasjon og interesse for fagfeltet
Skapar gode relasjonar til dei rundt seg og opptrer med tolmod og respekt
Bidreg til eit godt arbeidsmiljø og arbeider godt både sjølvstendig og i team
Er løysingsorientert, flink til å sjå kva som må gjerast, og tilbyr og tek gjerne imot hjelp
Har evne til å vere lydhøyr overfor pasientar og pårørande i ein krevande livssituasjon
Trivst i eit aktivt og travelt miljø og likar varierte utfordringar
Følger opp delegerte oppgåver og er punktleg og påliteleg
Vi tilbyrVi tilbyr eit svært trivelegt arbeidsmiljø med høg kompetanse
Ein spennande og utfordrande jobb som er meiningsfull og gjev høve til personleg og fagleg utvikling
Opplæring i terapeutisk meistring av aggresjon (MAP)
Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
KontaktinformasjonMarte Kristine Bjørgve, Seksjonsleiar, 55958712
Asle Gramstad, Ass. seksjonsleiar, 55958510
ArbeidsstadSandviksleitet 1
5036 Bergen
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5197446203
Stillingsprosent: 15%
Fast
Søknadsfrist: 15.11.2026
سيتم فتح صفحة التقديم الأصلية لدى الجهة الناشرة، وفق شروط NAV.