Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

Faste helgestillingar i Avdeling stemningslidingar, S1

Psykiatrisk klinikk, Helse Bergen HF

Arbeidssted
BERGEN, VESTLAND
Publisert
Søknadsfrist
15. nov. 2026
Omfang
Deltid
Ansettelsesform
Fast
Antall stillinger
4

Stillingsdetaljer

S1 er ein lukka døgnseksjon med 11 sengeplassar. Vi gir spesialisert utgreiing og behandling til pasientar med stemningslidingar. Målgruppa er pasientar med bipolare lidingar, alvorleg depresjon, affektive psykosar og blanda tilstandar. Vi har ledig fast helgestilling som assistent i psykiatri. S1 har eit godt fagleg arbeidsmiljø, og vi søker deg som ønsker å bidra til og ta del i å oppretthalde dette. Fast helgestilling inneber per i dag arbeid i todelt turnus kvar tredje helg. For å oppretthalde samansettinga i personalgruppa blir menn oppmoda til å søke. Kandidatar kan bli kalla inn til intervju undervegs i prosessen. ArbeidsoppgåverGod oppfølging av pasientar med fokus på individuelle behov, aktivitet og daglege gjeremål Tverrfagleg arbeid i sengeposten, inkludert gjennomføring av planlagd behandling i tråd med god klinisk praksis, sjukehuset sine mål og gjeldande regelverk Utøve god miljøterapi under rettleiing av sjukepleiar/vernepleiar Dokumentere og rapportere observasjonar og utførte tiltak Praktiske oppgåver knytte til drifta av sengeposten KvalifikasjonarVi søker fortrinnsvis studentar innan sjukepleie, vernepleie, psykologi (profesjon) og medisin, men andre søkarar blir òg vurderte Vi ønsker å knyte til oss medarbeidarar som er fleksible, løysingsorienterte og fagleg engasjerte Personleg eignaheit er eit krav Erfaring frå arbeid med psykisk sjuke menneske er ein fordel Søkar må meistre norsk svært godt, både skriftleg og munnleg Sjukepleiar, vernepleiar og helsefagarbeidar må ha norsk autorisasjon Vi søker deg somHar motivasjon og interesse for fagfeltet Skapar gode relasjonar til dei rundt seg og opptrer med tolmod og respekt Bidreg til eit godt arbeidsmiljø og arbeider godt både sjølvstendig og i team Er løysingsorientert, flink til å sjå kva som må gjerast, og tilbyr og tek gjerne imot hjelp Har evne til å vere lydhøyr overfor pasientar og pårørande i ein krevande livssituasjon Trivst i eit aktivt og travelt miljø og likar varierte utfordringar Følger opp delegerte oppgåver og er punktleg og påliteleg Vi tilbyrVi tilbyr eit svært trivelegt arbeidsmiljø med høg kompetanse Ein spennande og utfordrande jobb som er meiningsfull og gjev høve til personleg og fagleg utvikling Opplæring i terapeutisk meistring av aggresjon (MAP) Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonMarte Kristine Bjørgve, Seksjonsleiar, 55958712 Asle Gramstad, Ass. seksjonsleiar, 55958510 ArbeidsstadSandviksleitet 1 5036 Bergen Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF Referansenr.: 5197446203 Stillingsprosent: 15% Fast Søknadsfrist: 15.11.2026
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.