شعار النرويج الآن
Norsk
← العودة إلى وظائف النرويج
ترجمة آلية إلى العربية

Miljøterapeut

Kalhagen bufellesskap og ambulante tenester

مكان العمل
KVAM، NORHEIMSUND، VESTLAND
تاريخ النشر
آخر موعد للتقديم
08‏/11‏/2026
حجم الوظيفة
دوام جزئي
نوع التوظيف
مؤقت / بديل
عدد الوظائف
1

تفاصيل الوظيفة

هذه ترجمة آلية لتسهيل الفهم وقد تحتوي على أخطاء. راجع النص الأصلي قبل التقديم.

Vil du bli vår nye kollega? Ledig 80% vikariat for vernepleiar/sjukepleiar i miljøterapeutstilling. Ledig frå snarast og ut 2027. Stillinga innebær dag og kveldsvakter i turnus. Arbeid kvar 3. helg.    Kalhagen Bufellesskap i Norheimsund har eit godt arbeidsteam med erfaring og utdanning på tvers av ulike fagkompetansar. Gruppa gjev tjenester til personar med utviklingshemming i ulik alder og med ulike omsorgsbehov. Saman skal me gje bebuarane våre den beste plass å vera. Du vil møta mottakarane i alle aspekt av livet;  til kvardag og til fest, i gode og i dårlege dagar. Mykje av arbeidet vårt foregår i team og det er viktig at me er gode støttespelarar for kvarandre.  Er du ein god lagspelar som ser løysningar og mogelegheiter? Då er det deg me ser etter! ArbeidsoppgåverOppfølging av brukar sitt behov for hjelp og omsorg Primærkontaktansvar og miljøterapeutisk arbeid direkte med brukarane og deira pårørande Samarbeid med interne og eksterne støtteapparat Ha det overordna ansvaret for legemiddelmiddelhandtering og internkontroll Rettleiing og opplæring av kollegaer  Bidra i dokumentasjon og kartlegging   I tillegg til pleie er ein del av arbeidet administrative oppgåver som t.d protokollføring etter helse og omsorgstenestelova kap. 9, journalskriving og arbeid med indivduell plan   KvalifikasjonarMe ønskjer oss medarbeidarar med god fagkompetanse og eit sterkt engasjement Du må ha norsk autorisasjon som vernepleiar/sjukeleiar Du må ha relevant arbeidserfaring Vera ein solid fagperson som bidrar til utviklinga av eit godt arbeids- og fagmiljø Kjennskap til lovverket i helse og omsorgstenestelova kap. 9. Førarkort klasse B God skriftleg framstillingsevne og tydeleg kommunikasjon Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg   Ved nytilsetjing skal den tilsette levera politiattest utan merknader, etter Helse og omsorgslova. Denne skal ikkje leggast ved søknaden, men må leverast til leiar før oppstart i stillinga. Politiattesten må ikkje vera eldre enn 3 månadar.  Ber om at du lastar opp vitnemål og attestar saman med søknaden i Webcruiter. Personlege eigenskaparTrygg på deg sjølv i utfordrande situasjonar God relasjonsevne Ha ei genuin interesse for fagfeltet Kunna jobba sjølvstendig Trivst med kombinasjonen av praktisk miljøarbeid og administrative oppgåver.  Du må like å ta ansvar, og vera tydeleg i samhandling med andre Me tilbyrFagleg interessante, utfordrande og varierte arbeidsoppgåver Eit godt og inkluderande fagmiljø med vekt på utvikling Tid til fagleg refleksjon og rettleiing Leiarar som ser heilskap Tverrfagleg samarbeid Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem Som vernepleiar/sjukepleiar i heil stilling får du rekrutteringstillegg kr 40 000,- pr år (forhaldsmessig ved deltid)  Gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår   Generell informasjon: Søknadar må sendast via Webcruiter for å verta registrert på utlysingssaka I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i folkesetnaden. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne.    KontaktinformasjonThale Valland, Gruppeleiar Kalhagen bufellesskap og ambulante tenester, +47 941 71 804 ArbeidsstadNedre Norheim 44 5600 Norheimsund Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Kvam herad Referansenr.: 5192028705 Stillingsprosent: 80% Vikar Søknadsfrist: 08.11.2026
التقديم على الوظيفة

سيتم فتح صفحة التقديم الأصلية لدى الجهة الناشرة، وفق شروط NAV.