Miljøterapeut
Kalhagen bufellesskap og ambulante tenester
- Arbeidssted
- KVAM, NORHEIMSUND, VESTLAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 8. nov. 2026
- Omfang
- Deltid
- Ansettelsesform
- Vikariat
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Vil du bli vår nye kollega?
Ledig 80% vikariat for vernepleiar/sjukepleiar i miljøterapeutstilling.
Ledig frå snarast og ut 2027. Stillinga innebær dag og kveldsvakter i turnus. Arbeid kvar 3. helg.
Kalhagen Bufellesskap i Norheimsund har eit godt arbeidsteam med erfaring og utdanning på tvers av ulike fagkompetansar. Gruppa gjev tjenester til personar med utviklingshemming i ulik alder og med ulike omsorgsbehov. Saman skal me gje bebuarane våre den beste plass å vera. Du vil møta mottakarane i alle aspekt av livet; til kvardag og til fest, i gode og i dårlege dagar. Mykje av arbeidet vårt foregår i team og det er viktig at me er gode støttespelarar for kvarandre.
Er du ein god lagspelar som ser løysningar og mogelegheiter? Då er det deg me ser etter!
ArbeidsoppgåverOppfølging av brukar sitt behov for hjelp og omsorg
Primærkontaktansvar og miljøterapeutisk arbeid direkte med brukarane og deira pårørande
Samarbeid med interne og eksterne støtteapparat
Ha det overordna ansvaret for legemiddelmiddelhandtering og internkontroll
Rettleiing og opplæring av kollegaer
Bidra i dokumentasjon og kartlegging
I tillegg til pleie er ein del av arbeidet administrative oppgåver som t.d protokollføring etter helse og omsorgstenestelova kap. 9, journalskriving og arbeid med indivduell plan
KvalifikasjonarMe ønskjer oss medarbeidarar med god fagkompetanse og eit sterkt engasjement
Du må ha norsk autorisasjon som vernepleiar/sjukeleiar
Du må ha relevant arbeidserfaring
Vera ein solid fagperson som bidrar til utviklinga av eit godt arbeids- og fagmiljø
Kjennskap til lovverket i helse og omsorgstenestelova kap. 9.
Førarkort klasse B
God skriftleg framstillingsevne og tydeleg kommunikasjon
Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg
Ved nytilsetjing skal den tilsette levera politiattest utan merknader, etter Helse og omsorgslova. Denne skal ikkje leggast ved søknaden, men må leverast til leiar før oppstart i stillinga. Politiattesten må ikkje vera eldre enn 3 månadar.
Ber om at du lastar opp vitnemål og attestar saman med søknaden i Webcruiter.
Personlege eigenskaparTrygg på deg sjølv i utfordrande situasjonar
God relasjonsevne
Ha ei genuin interesse for fagfeltet
Kunna jobba sjølvstendig
Trivst med kombinasjonen av praktisk miljøarbeid og administrative oppgåver.
Du må like å ta ansvar, og vera tydeleg i samhandling med andre
Me tilbyrFagleg interessante, utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
Eit godt og inkluderande fagmiljø med vekt på utvikling
Tid til fagleg refleksjon og rettleiing
Leiarar som ser heilskap
Tverrfagleg samarbeid
Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem
Som vernepleiar/sjukepleiar i heil stilling får du rekrutteringstillegg kr 40 000,- pr år (forhaldsmessig ved deltid)
Gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår
Generell informasjon:
Søknadar må sendast via Webcruiter for å verta registrert på utlysingssaka
I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta
Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i folkesetnaden. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne.
KontaktinformasjonThale Valland, Gruppeleiar Kalhagen bufellesskap og ambulante tenester, +47 941 71 804
ArbeidsstadNedre Norheim 44
5600 Norheimsund
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Kvam herad
Referansenr.: 5192028705
Stillingsprosent: 80%
Vikar
Søknadsfrist: 08.11.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.