Familieterapeut 100% vikariat - prosjektet Skreddarsaum
Kvinnherad kommune Barn og familie
- مكان العمل
- KVINNHERAD، HUSNES، VESTLAND
- تاريخ النشر
- آخر موعد للتقديم
- 27/09/2026
- حجم الوظيفة
- دوام كامل
- نوع التوظيف
- مؤقت / بديل
- عدد الوظائف
- 1
تفاصيل الوظيفة
هذه ترجمة آلية لتسهيل الفهم وقد تحتوي على أخطاء. راجع النص الأصلي قبل التقديم.
Vil du vere med å gi barn, unge og familiar rett hjelp til rett tid?
Kvinnherad kommune søkjer ein engasjert og relasjonssterk familieterapeut i eit 100 % vikariat frå november 2026 til august 2027. Stillinga er knytt til prosjektet Skreddarsaum og organisert i avdeling Familiestøtte i Eining Barn og familie.
Dette er ei spennande stilling for deg som ønskjer å arbeide tett på familiar, vere ein del av eit tverrfagleg fagmiljø og bidra til utvikling av nye og fleksible tenester for barn og unge.
Om eininga
Eining Barn og familie er ei av 21 einingar i sektor Oppvekst. Eininga består av seks avdelingar: Barnevern, Helsestasjon, PPT, Familiestøtte, Villatoppen avlastningsbustad og Butiltak for barn og unge. Eininga held til på Husnes tenestesenter.
Om prosjektet Skreddarsaum
Kvinnherad kommune har fått prosjektmidlar til prosjektet Skreddarsaum. Prosjektet har eit heilskapleg fokus på medverknad, positiv utvikling og tverrfagleg samarbeid rundt familiar med samansette utfordringar, der barn og unge har høgt skulefråvær.
Prosjektet er ein del av familieteamet i Familiestøtte og samarbeider tett med:
PPT, Barnevern, Helsestasjon, Barnehagar, Barne- og ungdomsskular, NAV, Rus og psykisk helse, BUP og andre aktuelle samarbeidspartnarar
Som familieterapeut vil du arbeide tett saman med prosjektleiar og prosjektgruppa for å sikre god oppfølging av familiar og utvikle gode rutinar for prosjektet.
Arbeidsoppgåver
Som familieterapeut vil du:
planleggje og koordinere tiltak i samarbeid med prosjektleiar
følgje opp familiar som deltek i prosjektet
gjennomføre samtalar, rettleiing og miljøterapeutisk arbeid
arbeide praktisk og tett saman med familiar i deira heim og nærmiljø
støtte foreldre i å finne løysingar som fremjar meistring, trivsel og deltaking i kvardagen
bidra til at barn og unge får auka nærvær i skule og aktivitetar
samarbeide med aktuelle faginstansar og samarbeidspartnarar
dokumentere, evaluere og rapportere tiltak
bidra i utviklinga av prosjektet og tenestene rundt familiar
Ved ledig kapasitet kan andre relevante arbeidsoppgåver bli lagt til stillinga.
Kvalifikasjonar
Me søkjer deg som har:
3-årig relevant høgskuleutdanning innan sosialfaglege fagområde
relevant erfaring frå arbeid med barn, ungdom og familiar
Det er ønskjeleg med:
vidareutdanning innan familieterapi, rettleiingsmetodikk, psykisk helsearbeid eller tilsvarande
erfaring frå terapeutisk endringsarbeid
erfaring med miljøterapeutisk arbeid i familiar sitt heimemiljø
erfaring frå tverrfagleg samarbeid
Personlege eigenskapar
Me legg stor vekt på personleg eignaheit, og at du:
byggjer lett gode relasjonar
har evne til å støtte og motivere til endring
kommuniserer godt med både barn, ungdom og vaksne
arbeider sjølvstendig, målretta og strukturert
trivst med samarbeid på tvers av fagområde
er fleksibel og løysingsorientert
handterer høgt arbeidspress i periodar
ser moglegheiter framfor avgrensingar
har gode digitale ferdigheiter
har god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
Det er krav om førarkort klasse B.
Me tilbyr
eit spennande og meiningsfullt arbeid med barn, unge og familiar
moglegheit til å vere med på utvikling av nye arbeidSFOrmer og tenester
eit sterkt fagmiljø med høg kompetanse og godt samarbeid
tett samarbeid med ulike faggrupper i kommunen
løn etter gjeldande avtaleverk
pensjonsordning og forsikringsordningar gjennom KLP
gode arbeidsvilkår og eit inkluderande arbeidsmiljø
dekning av flytteutgifter etter gjeldande reglar
gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehage
Det må påreknast noko ettermiddags- og helgearbeid ved behov.
Gyldig politiattest må leggjast fram før tiltreding i samsvar med gjeldande lovverk.
Vil du vere med å skape varige endringar for barn, unge og familiar i Kvinnherad?
Me gler oss til å høyre frå deg!
Link til søknadsskjema: Søk her
النص الأصلي للإعلان

moglegheit til å vere med på utvikling av nye arbeidsformer og tenester
eit sterkt fagmiljø med høg kompetanse og godt samarbeid
tett samarbeid med ulike faggrupper i kommunen
løn etter gjeldande avtaleverk
pensjonsordning og forsikringsordningar gjennom KLP
gode arbeidsvilkår og eit inkluderande arbeidsmiljø
dekning av flytteutgifter etter gjeldande reglar
gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehage
Det må påreknast noko ettermiddags- og helgearbeid ved behov.
Gyldig politiattest må leggjast fram før tiltreding i samsvar med gjeldande lovverk.
Vil du vere med å skape varige endringar for barn, unge og familiar i Kvinnherad?
Me gler oss til å høyre frå deg!
Link til søknadsskjema: Søk her
سيتم فتح صفحة التقديم الأصلية لدى الجهة الناشرة، وفق شروط NAV.