Norge nå-logo
Tilbake til Jobber i Norge

Familieterapeut 100% vikariat - prosjektet Skreddarsaum

Kvinnherad kommune Barn og familie

Arbeidssted
KVINNHERAD, HUSNES, VESTLAND
Publisert
Søknadsfrist
27. sep. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Vikariat
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Vil du vere med å gi barn, unge og familiar rett hjelp til rett tid? Kvinnherad kommune søkjer ein engasjert og relasjonssterk familieterapeut i eit 100 % vikariat frå november 2026 til august 2027. Stillinga er knytt til prosjektet Skreddarsaum og organisert i avdeling Familiestøtte i Eining Barn og familie. Dette er ei spennande stilling for deg som ønskjer å arbeide tett på familiar, vere ein del av eit tverrfagleg fagmiljø og bidra til utvikling av nye og fleksible tenester for barn og unge. Om eininga Eining Barn og familie er ei av 21 einingar i sektor Oppvekst. Eininga består av seks avdelingar: Barnevern, Helsestasjon, PPT, Familiestøtte, Villatoppen avlastningsbustad og Butiltak for barn og unge. Eininga held til på Husnes tenestesenter. Om prosjektet Skreddarsaum Kvinnherad kommune har fått prosjektmidlar til prosjektet Skreddarsaum. Prosjektet har eit heilskapleg fokus på medverknad, positiv utvikling og tverrfagleg samarbeid rundt familiar med samansette utfordringar, der barn og unge har høgt skulefråvær. Prosjektet er ein del av familieteamet i Familiestøtte og samarbeider tett med: PPT, Barnevern, Helsestasjon, Barnehagar, Barne- og ungdomsskular, NAV, Rus og psykisk helse, BUP og andre aktuelle samarbeidspartnarar Som familieterapeut vil du arbeide tett saman med prosjektleiar og prosjektgruppa for å sikre god oppfølging av familiar og utvikle gode rutinar for prosjektet. Arbeidsoppgåver Som familieterapeut vil du: planleggje og koordinere tiltak i samarbeid med prosjektleiar følgje opp familiar som deltek i prosjektet gjennomføre samtalar, rettleiing og miljøterapeutisk arbeid arbeide praktisk og tett saman med familiar i deira heim og nærmiljø støtte foreldre i å finne løysingar som fremjar meistring, trivsel og deltaking i kvardagen bidra til at barn og unge får auka nærvær i skule og aktivitetar samarbeide med aktuelle faginstansar og samarbeidspartnarar dokumentere, evaluere og rapportere tiltak bidra i utviklinga av prosjektet og tenestene rundt familiar Ved ledig kapasitet kan andre relevante arbeidsoppgåver bli lagt til stillinga. Kvalifikasjonar Me søkjer deg som har: 3-årig relevant høgskuleutdanning innan sosialfaglege fagområde relevant erfaring frå arbeid med barn, ungdom og familiar  Det er ønskjeleg med: vidareutdanning innan familieterapi, rettleiingsmetodikk, psykisk helsearbeid eller tilsvarande erfaring frå terapeutisk endringsarbeid erfaring med miljøterapeutisk arbeid i familiar sitt heimemiljø erfaring frå tverrfagleg samarbeid Personlege eigenskapar Me legg stor vekt på personleg eignaheit, og at du: byggjer lett gode relasjonar har evne til å støtte og motivere til endring kommuniserer godt med både barn, ungdom og vaksne arbeider sjølvstendig, målretta og strukturert trivst med samarbeid på tvers av fagområde er fleksibel og løysingsorientert handterer høgt arbeidspress i periodar ser moglegheiter framfor avgrensingar har gode digitale ferdigheiter har god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk Det er krav om førarkort klasse B. Me tilbyr eit spennande og meiningsfullt arbeid med barn, unge og familiar moglegheit til å vere med på utvikling av nye arbeidsformer og tenester eit sterkt fagmiljø med høg kompetanse og godt samarbeid tett samarbeid med ulike faggrupper i kommunen løn etter gjeldande avtaleverk pensjonsordning og forsikringsordningar gjennom KLP gode arbeidsvilkår og eit inkluderande arbeidsmiljø dekning av flytteutgifter etter gjeldande reglar gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehage Det må påreknast noko ettermiddags- og helgearbeid ved behov. Gyldig politiattest må leggjast fram før tiltreding i samsvar med gjeldande lovverk. Vil du vere med å skape varige endringar for barn, unge og familiar i Kvinnherad? Me gler oss til å høyre frå deg! Link til søknadsskjema: Søk her
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.