شعار النرويج الآن
Norsk
← العودة إلى وظائف النرويج
ترجمة آلية إلى العربية

Rådgjevar

Mobilitet og kollektivtransport - Stab og forvaltning, Vestland fylkeskommune

مكان العمل
SOGNDAL، LEIKANGER، VESTLAND
تاريخ النشر
آخر موعد للتقديم
24‏/11‏/2026
حجم الوظيفة
دوام كامل
نوع التوظيف
مؤقت / بديل
عدد الوظائف
2

تفاصيل الوظيفة

هذه ترجمة آلية لتسهيل الفهم وقد تحتوي على أخطاء. راجع النص الأصلي قبل التقديم.

Vil du vere med å forme mobiliteten i Vestland? Vestland fylkeskommune har ei sentral rolle i utviklinga av regionen og forvaltar eit breitt spekter av viktige samfunnsoppgåver. Avdeling for mobilitet og kollektivtransport  har det overordna ansvaret for å utvikle og forvalte eit framtidsretta, miljøvenleg og effektivt mobilitets- og kollektivtilbod for innbyggjarane i Vestland fylke. Vi har no to ledige stillingar innan løyveforvaltning: eit vikariat og ei midlertidig stilling i 100% med moglegheit for fast tilsetjing. Vi søkjer engasjerte og fagleg sterke medarbeidarar som vil vere med å sikre eit trygt, lovleg og berekraftig drosjetilbod i fylket. Hjå oss får du ein variert arbeidskvardag der jus, samfunnsoppdrag og praktisk forvaltning møtest. Løyveforvaltning inneber rådgjeving og sakshandsaming for løyve til drosje, buss og båt, samt å bidra til gode løysingar i dei kommunane som har utfordringar med drosjetilbodet sitt. Stillingane omfattar både generell og politisk sakshandsaming, samt handtering av førespurnader frå publikum. ArbeidsoppgåverSom rådgjevar/spesialkonsulent hos oss vil sentrale arbeidsoppgåver blant anna vere: Sakshandsaming innan løyveforvaltning Bidra til å utvikle løysingar for kommunar med utfordringar i drosjemarknaden, i tett samarbeid med næringa Delta i tilsynsarbeid for å sikre kvalitet og etterleving av regelverk Bygge gode relasjonar til eksterne samarbeidspartnarar og handtere førespurnader frå publikum Bidra til å utarbeide politiske saker og høyringsuttaler til politiske organ KvalifikasjonarVi treng deg som har høgare utdanning på masternivå innan administrative fag eller tilsvarande. Kvalifiserte søkjarar utan mastergrad kan også bli vurderte. Då vil stillingstittel bli justert i samsvar med kvalifikasjonar. I tillegg er det fint om du har: God digital kompetanse God framstillingsevne på norsk, både skriftleg og munnleg Kjennskap til forvaltningslova og regelverk innan yrkestransport Erfaring med offentleg forvaltning og utøvande mynde Erfaring med gjennomføring av tilsyn, gjerne frå offentleg forvaltning Du treng ikkje kunne alt frå før, vi sikrar god opplæring i regelverk og arbeidsprosessar. Personlege eigenskaparVi ser etter medarbeidarar som kjenner seg igjen i verdiane våre: open, modig og kompetent. I tillegg har vår framtidige nye kollega følgjande personlege eigenskapar: Samarbeider godt med andre for å oppnå dei beste løysingane Er initiativrik og sjølvstendig Evne til å halde seg orientert i eit fagområde som er i rask utvikling Trivst i eit hektisk miljø Systematisk og nøyaktig Vi tilbyrHos oss kjem du inn i eit sterkt engasjert fagmiljø med hyggelege kollegaer. Du vil få ei fagleg utfordrande og spennande stilling, med stor samfunnspåverknad. I tillegg tilbyr vi: Eit engasjert og utviklingsorientert arbeidsmiljø med gode kollegaer Moglegheit for fagleg utvikling Fleksibel arbeidstidsordning med moglegheit for delvis heimekontor Lønn etter avtale Gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår KontaktinformasjonJanne Dokken, seksjonssjef, 95089918 ArbeidsstadAskedalen 2 6863 Leikanger Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune Referansenr.: 5200848756 Stillingsprosent: 100% Vikar Søknadsfrist: 24.11.2026
التقديم على الوظيفة

سيتم فتح صفحة التقديم الأصلية لدى الجهة الناشرة، وفق شروط NAV.