Rådgjevar
Mobilitet og kollektivtransport - Stab og forvaltning, Vestland fylkeskommune
- Arbeidssted
- SOGNDAL, LEIKANGER, VESTLAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 24. nov. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Vikariat
- Antall stillinger
- 2
Stillingsdetaljer
Vil du vere med å forme mobiliteten i Vestland?
Vestland fylkeskommune har ei sentral rolle i utviklinga av regionen og forvaltar eit breitt spekter av viktige samfunnsoppgåver. Avdeling for mobilitet og kollektivtransport har det overordna ansvaret for å utvikle og forvalte eit framtidsretta, miljøvenleg og effektivt mobilitets- og kollektivtilbod for innbyggjarane i Vestland fylke.
Vi har no to ledige stillingar innan løyveforvaltning: eit vikariat og ei midlertidig stilling i 100% med moglegheit for fast tilsetjing. Vi søkjer engasjerte og fagleg sterke medarbeidarar som vil vere med å sikre eit trygt, lovleg og berekraftig drosjetilbod i fylket. Hjå oss får du ein variert arbeidskvardag der jus, samfunnsoppdrag og praktisk forvaltning møtest.
Løyveforvaltning inneber rådgjeving og sakshandsaming for løyve til drosje, buss og båt, samt å bidra til gode løysingar i dei kommunane som har utfordringar med drosjetilbodet sitt. Stillingane omfattar både generell og politisk sakshandsaming, samt handtering av førespurnader frå publikum.
ArbeidsoppgåverSom rådgjevar/spesialkonsulent hos oss vil sentrale arbeidsoppgåver blant anna vere:
Sakshandsaming innan løyveforvaltning
Bidra til å utvikle løysingar for kommunar med utfordringar i drosjemarknaden, i tett samarbeid med næringa
Delta i tilsynsarbeid for å sikre kvalitet og etterleving av regelverk
Bygge gode relasjonar til eksterne samarbeidspartnarar og handtere førespurnader frå publikum
Bidra til å utarbeide politiske saker og høyringsuttaler til politiske organ
KvalifikasjonarVi treng deg som har høgare utdanning på masternivå innan administrative fag eller tilsvarande. Kvalifiserte søkjarar utan mastergrad kan også bli vurderte. Då vil stillingstittel bli justert i samsvar med kvalifikasjonar.
I tillegg er det fint om du har:
God digital kompetanse
God framstillingsevne på norsk, både skriftleg og munnleg
Kjennskap til forvaltningslova og regelverk innan yrkestransport
Erfaring med offentleg forvaltning og utøvande mynde
Erfaring med gjennomføring av tilsyn, gjerne frå offentleg forvaltning
Du treng ikkje kunne alt frå før, vi sikrar god opplæring i regelverk og arbeidsprosessar.
Personlege eigenskaparVi ser etter medarbeidarar som kjenner seg igjen i verdiane våre: open, modig og kompetent. I tillegg har vår framtidige nye kollega følgjande personlege eigenskapar:
Samarbeider godt med andre for å oppnå dei beste løysingane
Er initiativrik og sjølvstendig
Evne til å halde seg orientert i eit fagområde som er i rask utvikling
Trivst i eit hektisk miljø
Systematisk og nøyaktig
Vi tilbyrHos oss kjem du inn i eit sterkt engasjert fagmiljø med hyggelege kollegaer. Du vil få ei fagleg utfordrande og spennande stilling, med stor samfunnspåverknad.
I tillegg tilbyr vi:
Eit engasjert og utviklingsorientert arbeidsmiljø med gode kollegaer
Moglegheit for fagleg utvikling
Fleksibel arbeidstidsordning med moglegheit for delvis heimekontor
Lønn etter avtale
Gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår
KontaktinformasjonJanne Dokken, seksjonssjef, 95089918
ArbeidsstadAskedalen 2
6863 Leikanger
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Referansenr.: 5200848756
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 24.11.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.