شعار النرويج الآن
Norsk
← العودة إلى وظائف النرويج
ترجمة آلية إلى العربية

Assistent/miljøarbeider

Helse og omsorg, Tokke kommune

مكان العمل
TOKKE، DALEN، TELEMARK
تاريخ النشر
آخر موعد للتقديم
05‏/11‏/2026
حجم الوظيفة
دوام جزئي
نوع التوظيف
مؤقت / بديل
عدد الوظائف
1

تفاصيل الوظيفة

هذه ترجمة آلية لتسهيل الفهم وقد تحتوي على أخطاء. راجع النص الأصلي قبل التقديم.

Me søkjer etter 1-2 trygge, omsorgsfulle og ansvarsbevisste assistentar til arbeid i privat heim hjå ein ung person. Stillinga er eit vikariat på 10-20% frå 4. januar 2027-15. september 2027. Tidlegare oppstart er mogleg. Arbeidstida er for tida hovudsakleg på ettermiddag 2 dagar i veka. Stillinga passar både for deg med helsefagleg bakgrunn og for deg som har relevant erfaring eller interesse for omsorgsarbeid.   ArbeidsoppgåverArbeidsoppgåvene går i hovudsak ut på å bidra til ein trygg og føreseieleg kvardag i heimen. Dette inneber mellom anna: Tilsyn og praktisk støtte i kvardagen Delta i daglege aktivitetar og legge til rette for meistring Skape ro, tryggleik og struktur KvalifikasjonarYnskjeleg med helsefagleg bakgrunn, men ikkje eit krav. Erfaring frå arbeid med barn og ungdom med særskilde behov er ynskjeleg. Vi legg stor vekt på relevant erfaring.  Det blir vektlagt at ein er eigna for stillinga.   Personlege eigenskaparEr roleg, påliteleg og trygg i møte med andre Har gode samarbeidsevner, men også kan arbeide sjølvstendig Er fleksibel og løysingsorientert Har gjerne erfaring frå omsorgsarbeid, men dette er ikkje eit krav Vi tilbyrEin meiningsfull og trygg arbeidskvardag God opplæring og oppfølging Løn etter gjeldande avtale Arbeidstid kan variere Stillinga kan tilpassast både deltids- og heiltidsarbeid i samråd med tenestemottakaren Andre opplysningar Tokke kommune ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald. Alle kvalifiserte kandidatar uansett alder, livssituasjon, funksjonsevne, kjønn, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn vert oppfordra til å søkje. Vi legg vekt på tilrettelegging av arbeidsforhold dersom du har behov for det. Den som får stillinga må ha førarkort og bil til disposisjon i arbeidet. Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Dei som vert tilsett, må leggje fram politiattest, før ein kan ta til i jobben. KontaktinformasjonMarit Bråstøyl, Kommunalsjef helse og omsorg, 48220538, marit.haukom.brastoyl@tokke.kommune.no ArbeidsstadRevahaugvegen 2 3880 Dalen Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Tokke kommune Referansenr.: 5198631156 Stillingsprosent: 20% Vikar Startdato: 04.01.2027 Sluttdato: 15.09.2027 Søknadsfrist: 05.11.2026
التقديم على الوظيفة

سيتم فتح صفحة التقديم الأصلية لدى الجهة الناشرة، وفق شروط NAV.