Assistent/miljøarbeider
Helse og omsorg, Tokke kommune
- Arbeidssted
- TOKKE, DALEN, TELEMARK
- Publisert
- Søknadsfrist
- 5. nov. 2026
- Omfang
- Deltid
- Ansettelsesform
- Vikariat
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Me søkjer etter 1-2 trygge, omsorgsfulle og ansvarsbevisste assistentar til arbeid i privat heim hjå ein ung person. Stillinga er eit vikariat på 10-20% frå 4. januar 2027-15. september 2027. Tidlegare oppstart er mogleg. Arbeidstida er for tida hovudsakleg på ettermiddag 2 dagar i veka. Stillinga passar både for deg med helsefagleg bakgrunn og for deg som har relevant erfaring eller interesse for omsorgsarbeid.
ArbeidsoppgåverArbeidsoppgåvene går i hovudsak ut på å bidra til ein trygg og føreseieleg kvardag i heimen.
Dette inneber mellom anna:
Tilsyn og praktisk støtte i kvardagen
Delta i daglege aktivitetar og legge til rette for meistring
Skape ro, tryggleik og struktur
KvalifikasjonarYnskjeleg med helsefagleg bakgrunn, men ikkje eit krav.
Erfaring frå arbeid med barn og ungdom med særskilde behov er ynskjeleg.
Vi legg stor vekt på relevant erfaring.
Det blir vektlagt at ein er eigna for stillinga.
Personlege eigenskaparEr roleg, påliteleg og trygg i møte med andre
Har gode samarbeidsevner, men også kan arbeide sjølvstendig
Er fleksibel og løysingsorientert
Har gjerne erfaring frå omsorgsarbeid, men dette er ikkje eit krav
Vi tilbyrEin meiningsfull og trygg arbeidskvardag
God opplæring og oppfølging
Løn etter gjeldande avtale
Arbeidstid kan variere
Stillinga kan tilpassast både deltids- og heiltidsarbeid i samråd med tenestemottakaren
Andre opplysningar
Tokke kommune ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald. Alle kvalifiserte kandidatar uansett alder, livssituasjon, funksjonsevne, kjønn, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn vert oppfordra til å søkje. Vi legg vekt på tilrettelegging av arbeidsforhold dersom du har behov for det.
Den som får stillinga må ha førarkort og bil til disposisjon i arbeidet. Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Dei som vert tilsett, må leggje fram politiattest, før ein kan ta til i jobben.
KontaktinformasjonMarit Bråstøyl, Kommunalsjef helse og omsorg, 48220538, marit.haukom.brastoyl@tokke.kommune.no
ArbeidsstadRevahaugvegen 2
3880 Dalen
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Tokke kommune
Referansenr.: 5198631156
Stillingsprosent: 20%
Vikar
Startdato: 04.01.2027
Sluttdato: 15.09.2027
Søknadsfrist: 05.11.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.