Seksjonsleiar medisinsk legeteneste ved Førde sentralsjukehus
Medisinsk avdeling, Helse Førde
- مكان العمل
- SUNNFJORD، FØRDE، VESTLAND
- تاريخ النشر
- آخر موعد للتقديم
- 27/09/2026
- حجم الوظيفة
- دوام كامل
- نوع التوظيف
- دائم
- عدد الوظائف
- 1
تفاصيل الوظيفة
هذه ترجمة آلية لتسهيل الفهم وقد تحتوي على أخطاء. راجع النص الأصلي قبل التقديم.
Vil du vere med og vidareutvikle framtidas medisinske tenester i Helse Førde?
Vi søkjer ein engasjert og framtidsretta seksjonsleiar for medisinsk legeteneste ved Førde sentralsjukehus frå januar 2027.
Dette er ei spennande leiarstilling i eit stort og breitt fagmiljø med høg kompetanse, sterkt
engasjement og eit viktig samfunnsoppdrag.
Medisinsk avdeling er den største avdelinga i Helse Førde og har ansvar for
sengepostar, poliklinikkar, akuttmottak, observasjonspost og dialysebehandling.
Avdelinga har ei sentral rolle i pasientbehandlinga ved sjukehuset og
samarbeider tett med både andre avdelingar og kommunehelsetenesta.
Legegruppa er aktiv innan fagutvikling, kvalitetsarbeid, utdanning og
innovasjon. Vi er godkjend utdanningsinstitusjon innan fleire medisinske
spesialitetar og legg stor vekt på å utvikle framtidas legar. Frå hausten 2028
tek vi imot dei første studentane gjennom satsinga «Vestlandslegen», noko som
vil styrkje fagmiljøet ytterlegare.
Som seksjonsleiar får du ei sentral rolle i vidareutviklinga av legetenesta og
blir ein del av leiargruppa i medisinsk avdeling. Du vil samarbeide tett med
fagansvarlege overlegar, utdanningsansvarleg overlege og avdelingssjef, og vere
med på å forme tenestene for framtida.
ArbeidsoppgåverUtøve heilskapleg leiing med ansvar for fag, økonomi og personal
Planlegge og legge til rette for utdanning av LIS-legar i ulike utdanningsløp
Planlegge oppgåver og fordele ressursar
Fremje godt samarbeid på tvers av profesjonar, seksjonar og avdelingar
Månadleg rapportering av aktivitet og økonomi, og delta i budsjettprosess
Delta i leiarmøte i avdeling, klinikk og føretak
Drive kvalitetsarbeid, som inkluderar internkontroll, handtering av avvik, saker til NPE og arbeid med forbetringsprosjekt
KvalifikasjonarKrav til kvalifikasjonar
Helsefagleg bakgrunn
Leiarerfaring og vilje til å ta relevant leiarutdanning
Må beherske godt norsk både munnleg og skriftleg
Føretrekte kvalifikasjonar
Erfaring med drift av legeteneste og døgndrift i sjukehus
Personlege eigenskaparDu har gode organisatoriske og relasjonelle evner
Du er fleksibel og positiv, samstundes som du er resultatorientert og beslutningsdyktig
Du har eigenskapar som fremjar god kommunikasjon og samhandling internt og eksternt
Du har eit heilheitleg perspektiv på helsetenesta
Vi tilbyrEin spennande og utfordrande jobb i eit godt arbeids- og fagmiljø
Lønn etter avtale
Gode moglegheiter for fagleg utvikling innan leiing
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse
KontaktinformasjonLaila Haugland, Avdelingssjef, 481 01 340
ArbeidsstedSvanehaugvegen 2
6812 Førde
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Helse Førde
Referansenr.: 5174737973
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 27.09.2026
سيتم فتح صفحة التقديم الأصلية لدى الجهة الناشرة، وفق شروط NAV.