Norge nå-logo
Tilbake til Jobber i Norge

Seksjonsleiar medisinsk legeteneste ved Førde sentralsjukehus

Medisinsk avdeling, Helse Førde

Arbeidssted
SUNNFJORD, FØRDE, VESTLAND
Publisert
Søknadsfrist
27. sep. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Fast
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Vil du vere med og vidareutvikle framtidas medisinske tenester i Helse Førde? Vi søkjer ein engasjert og framtidsretta seksjonsleiar for medisinsk legeteneste ved Førde sentralsjukehus frå januar 2027. Dette er ei spennande leiarstilling i eit stort og breitt fagmiljø med høg kompetanse, sterkt engasjement og eit viktig samfunnsoppdrag. Medisinsk avdeling er den største avdelinga i Helse Førde og har ansvar for sengepostar, poliklinikkar, akuttmottak, observasjonspost og dialysebehandling. Avdelinga har ei sentral rolle i pasientbehandlinga ved sjukehuset og samarbeider tett med både andre avdelingar og kommunehelsetenesta. Legegruppa er aktiv innan fagutvikling, kvalitetsarbeid, utdanning og innovasjon. Vi er godkjend utdanningsinstitusjon innan fleire medisinske spesialitetar og legg stor vekt på å utvikle framtidas legar. Frå hausten 2028 tek vi imot dei første studentane gjennom satsinga «Vestlandslegen», noko som vil styrkje fagmiljøet ytterlegare. Som seksjonsleiar får du ei sentral rolle i vidareutviklinga av legetenesta og blir ein del av leiargruppa i medisinsk avdeling. Du vil samarbeide tett med fagansvarlege overlegar, utdanningsansvarleg overlege og avdelingssjef, og vere med på å forme tenestene for framtida. ArbeidsoppgåverUtøve heilskapleg leiing med ansvar for fag, økonomi og personal Planlegge og legge til rette for utdanning av LIS-legar i ulike utdanningsløp Planlegge oppgåver og fordele ressursar  Fremje godt samarbeid på tvers av profesjonar, seksjonar og avdelingar Månadleg rapportering av aktivitet og økonomi, og delta i budsjettprosess Delta i leiarmøte i avdeling, klinikk og føretak Drive kvalitetsarbeid, som inkluderar internkontroll, handtering av avvik, saker til NPE og arbeid med forbetringsprosjekt KvalifikasjonarKrav til kvalifikasjonar Helsefagleg bakgrunn Leiarerfaring og vilje til å ta relevant leiarutdanning  Må beherske godt norsk både munnleg og skriftleg Føretrekte kvalifikasjonar Erfaring med drift av legeteneste og døgndrift i sjukehus  Personlege eigenskaparDu har gode organisatoriske og relasjonelle evner Du er fleksibel og positiv, samstundes som du er resultatorientert og beslutningsdyktig Du har eigenskapar som fremjar god kommunikasjon og samhandling internt og eksternt Du har eit heilheitleg perspektiv på helsetenesta Vi tilbyrEin spennande og utfordrande jobb i eit godt arbeids- og fagmiljø Lønn etter avtale Gode moglegheiter for fagleg utvikling innan leiing  Gode pensjons- og forsikringsordningar   Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse KontaktinformasjonLaila Haugland, Avdelingssjef, 481 01 340 ArbeidsstedSvanehaugvegen 2 6812 Førde Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Helse Førde Referansenr.: 5174737973 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 27.09.2026
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.