شعار النرويج الآن
Norsk
العودة إلى وظائف النرويج
ترجمة آلية إلى العربية

Prosjektleiar - kommuneplanen sin samfunnsdel

Plan- og byggsak, Gloppen kommune

مكان العمل
GLOPPEN، SANDANE، VESTLAND
تاريخ النشر
آخر موعد للتقديم
24‏/09‏/2026
حجم الوظيفة
دوام كامل
نوع التوظيف
Prosjekt
عدد الوظائف
1

تفاصيل الوظيفة

هذه ترجمة آلية لتسهيل الفهم وقد تحتوي على أخطاء. راجع النص الأصلي قبل التقديم.

Vil du vere med og forme framtida til Gloppen?  Gloppen kommune skal gå i gang med å utarbeide kommuneplanen sin samfunnsdel og ny planstrategi for den kommande valperioden. Arbeidet med samfunnsdelen vil starte opp i byrjinga av 2027 og skal vere vedteken i utgangen av 2028. Kommuneplanen sin samfunnsdel skal gje retning for den langsiktige utviklinga av kommunen og vil vere eit av dei viktigaste styringsverktøya både politisk og for kommunen som verksemd. Arbeidet vil skje i tett dialog med politikarar, administrasjonen, kommunale tenester, innbyggjarar, næringsliv, frivillig sektor og andre relevante aktørar.  Vi søkjer etter ein engasjert og strukturert prosjektleiar for ei 100 % prosjektstilling i to år.  Prosjektstillinga inneber ansvar for å leie og koordinere arbeidet med kommuneplanen sin samfunnsdel. Vi ser etter deg som har god kompetanse frå å leie planprosessar og som gjerne har erfaring frå offentleg sektor.  Du vil bli ein del av tenesteområdet Plan, byggesak og oppmåling, som består av fem tilsette med ansvar for mellom anna byggesak, oppmåling, areal- og samfunnsplanlegging, handsaming av private reguleringsplanar, matrikkelføring mm. Tenesta er underlagt kommunalområdet Samfunn og berekraft, som i tillegg til plan, byggesak og oppmåling består av tenesteområda eigedom, kommunalteknikk, landbruk, kultur, og  brann og redning.   ArbeidsoppgåverI prosjektstillinga får du ansvar for å leie og koordinere arbeidet med kommuneplanen sin samfunnsdel, frå oppstart til ferdig plan. Arbeidsoppgåvene vil mellom anna vere å:  Sikre framdrift og heilskap i arbeidet  Koordinere arbeidet på tvers av kommunale sektorar, administrativ leiing, politiske organ og offentlege myndigheiter  Leggje til rette for medverknad og involvering, mellom anna gjennom arbeidsverkstadar og spørjeundersøkingar  Systematisere og analysere kunnskapsgrunnlaget  Utarbeide planprogram og framlegg til kommuneplanen sin samfunnsdel, inkl. planstrategi  Førebu og leggje fram saker for politisk behandling  Det kan i tillegg vere aktuelt å bidra inn i anna kommunalt planarbeid.  KvalifikasjonarVi ser etter deg som har:  relevant høgare utdanning, gjerne innan samfunnsplanlegging, bygg- og arkitekturfag, samfunnsvitskap eller anna relevant fagområde  relevant erfaring frå planarbeid, prosjekt- eller prosessleiing   god kjennskap til plansystemet og plan- og bygningslova  god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk  god digital kompetanse  Det er ein fordel om du har:  erfaring frå offentleg sektor og gjerne med arbeid opp mot politiske organ  god forståing for kommunal verksemd og offentlege planprosessar  kjennskap til politiske avgjerdsprosessar  erfaring med digitale sakshandsamings- og arkivsystem  Personlege eigenskaparVi ønskjer at du:  arbeider strukturert og sjølvstendig, men likevel fungerer godt i team  er god til å involvere, motivere og kommunisere med ulike målgrupper, inkludert samhandling med kollegaer, eksterne konsulentar, innbyggjarar og offentlege instansar  har interesse for samfunnsutvikling og eit sterkt engasjement for lokalsamfunnet  er trygg i møte med både politiske og administrative miljø  Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.   Vi tilbyrei spennande og samfunnsrelevant prosjektstilling med stor grad av ansvar og påverknad  varierte arbeidsoppgåver og eit breitt kontaktnett på tvers av kommunen og lokalsamfunnet  eit godt og tverrfagleg arbeidsmiljø  løn etter avtale  gode pensjons- og forsikringsordningar  Dersom du har spørsmål om stillinga kan du ta kontakt med tenesteleiar Eirin Victoria Myklebust.  Vi ønskjer primært oppstart frå 01.01.2027, men oppstart før/etter dette kan skje etter avtale.  Vil du vere med og setje retning for Gloppen dei kommande åra? Då ønskjer vi å høyre frå deg.  KontaktinformasjonEirin Victoria Myklebust, Avdelingsleiar Plan- og byggsak, +47 90038385 ArbeidsstadGrandavegen 9 6823 Sandane Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Gloppen kommune Referansenr.: 5178386637 Stillingsprosent: 100% Engasjement Startdato: 01.01.2027 Sluttdato: 31.12.2028 Søknadsfrist: 24.09.2026
التقديم على الوظيفة

سيتم فتح صفحة التقديم الأصلية لدى الجهة الناشرة، وفق شروط NAV.