Prosjektleiar - kommuneplanen sin samfunnsdel
Plan- og byggsak, Gloppen kommune
- Arbeidssted
- GLOPPEN, SANDANE, VESTLAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 24. sep. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Prosjekt
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Vil du vere med og forme framtida til Gloppen?
Gloppen kommune skal gå i gang med å utarbeide kommuneplanen sin samfunnsdel og ny planstrategi for den kommande valperioden. Arbeidet med samfunnsdelen vil starte opp i byrjinga av 2027 og skal vere vedteken i utgangen av 2028. Kommuneplanen sin samfunnsdel skal gje retning for den langsiktige utviklinga av kommunen og vil vere eit av dei viktigaste styringsverktøya både politisk og for kommunen som verksemd. Arbeidet vil skje i tett dialog med politikarar, administrasjonen, kommunale tenester, innbyggjarar, næringsliv, frivillig sektor og andre relevante aktørar.
Vi søkjer etter ein engasjert og strukturert prosjektleiar for ei 100 % prosjektstilling i to år.
Prosjektstillinga inneber ansvar for å leie og koordinere arbeidet med kommuneplanen sin samfunnsdel. Vi ser etter deg som har god kompetanse frå å leie planprosessar og som gjerne har erfaring frå offentleg sektor.
Du vil bli ein del av tenesteområdet Plan, byggesak og oppmåling, som består av fem tilsette med ansvar for mellom anna byggesak, oppmåling, areal- og samfunnsplanlegging, handsaming av private reguleringsplanar, matrikkelføring mm. Tenesta er underlagt kommunalområdet Samfunn og berekraft, som i tillegg til plan, byggesak og oppmåling består av tenesteområda eigedom, kommunalteknikk, landbruk, kultur, og brann og redning.
ArbeidsoppgåverI prosjektstillinga får du ansvar for å leie og koordinere arbeidet med kommuneplanen sin samfunnsdel, frå oppstart til ferdig plan. Arbeidsoppgåvene vil mellom anna vere å:
Sikre framdrift og heilskap i arbeidet
Koordinere arbeidet på tvers av kommunale sektorar, administrativ leiing, politiske organ og offentlege myndigheiter
Leggje til rette for medverknad og involvering, mellom anna gjennom arbeidsverkstadar og spørjeundersøkingar
Systematisere og analysere kunnskapsgrunnlaget
Utarbeide planprogram og framlegg til kommuneplanen sin samfunnsdel, inkl. planstrategi
Førebu og leggje fram saker for politisk behandling
Det kan i tillegg vere aktuelt å bidra inn i anna kommunalt planarbeid.
KvalifikasjonarVi ser etter deg som har:
relevant høgare utdanning, gjerne innan samfunnsplanlegging, bygg- og arkitekturfag, samfunnsvitskap eller anna relevant fagområde
relevant erfaring frå planarbeid, prosjekt- eller prosessleiing
god kjennskap til plansystemet og plan- og bygningslova
god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
god digital kompetanse
Det er ein fordel om du har:
erfaring frå offentleg sektor og gjerne med arbeid opp mot politiske organ
god forståing for kommunal verksemd og offentlege planprosessar
kjennskap til politiske avgjerdsprosessar
erfaring med digitale sakshandsamings- og arkivsystem
Personlege eigenskaparVi ønskjer at du:
arbeider strukturert og sjølvstendig, men likevel fungerer godt i team
er god til å involvere, motivere og kommunisere med ulike målgrupper, inkludert samhandling med kollegaer, eksterne konsulentar, innbyggjarar og offentlege instansar
har interesse for samfunnsutvikling og eit sterkt engasjement for lokalsamfunnet
er trygg i møte med både politiske og administrative miljø
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Vi tilbyrei spennande og samfunnsrelevant prosjektstilling med stor grad av ansvar og påverknad
varierte arbeidsoppgåver og eit breitt kontaktnett på tvers av kommunen og lokalsamfunnet
eit godt og tverrfagleg arbeidsmiljø
løn etter avtale
gode pensjons- og forsikringsordningar
Dersom du har spørsmål om stillinga kan du ta kontakt med tenesteleiar Eirin Victoria Myklebust.
Vi ønskjer primært oppstart frå 01.01.2027, men oppstart før/etter dette kan skje etter avtale.
Vil du vere med og setje retning for Gloppen dei kommande åra? Då ønskjer vi å høyre frå deg.
KontaktinformasjonEirin Victoria Myklebust, Avdelingsleiar Plan- og byggsak, +47 90038385
ArbeidsstadGrandavegen 9
6823 Sandane
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Gloppen kommune
Referansenr.: 5178386637
Stillingsprosent: 100%
Engasjement
Startdato: 01.01.2027
Sluttdato: 31.12.2028
Søknadsfrist: 24.09.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.