Avdelingsingeniør
Drift/teknisk divisjon/ Medisinsk-teknisk avdeling, Helse Bergen HF
- Arbeidssted
- BERGEN, VESTLAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 8. okt. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Vikariat
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Medisinsk teknisk avdeling (MTA) har ledig vikariat som avdelingsingeniør ved Seksjon for intensiv og operasjon.
MTA forvaltar medisinsk teknologi og informatikk i Helse Bergen. Vi tar også del i forsking, utvikling og innovasjon og har ansvar for utstyr til heimebehandling av pasientar. Arbeidsoppgåvene spenner over eit stort spekter som for eksempel å delta i anskaffingar og installasjon, planlegge og utføre service og oppdateringar, utarbeide rutinar og dokumentasjon og konfigurere medisinsk utstyr og IKT-systemløysingar.
Avdelinga legg stor vekt på kompetansebygging med kursing både internt og eksternt. Hovudfokuset for avdelinga sine om lag 90 tilsette er at meir enn 50000 utstyrseiningar og tilhøyrande IKT-systemløysingar skal kunne nyttast til beste for pasientane, og vere trygge å bruke for pasientar og behandlarar. MTA er ein del av Drift/teknisk divisjon.
ArbeidsoppgåverUtføre reparasjonar, planlagde kontrollar/vedlikehald, oppdateringar og konfigurasjon
Delta i anskaffingar av nytt utstyr og tilhøyrande IKT-systemløysingar
Delta i/utføre mottak, risikovurdering og driftsetjing av utstyr og IKT-systemløysingar, oftast saman med leverandørar og andre samarbeidspartnarar
Delta i opplæring av teknisk og klinisk personell
Samarbeide med klinisk og teknisk personell for å sikre best mogeleg bruk av utstyr og IKT-systemløysingar til beste for pasientane
Andre oppgåver etter behov
KvalifikasjonarBachelorgrad i medisinsk teknologi, automasjon, elektronikk eller liknande. Annan utdanning kan vurderast ved særskilt relevant erfaring
Det er ønskjeleg med erfaring innan forvaltning og vedlikehald av medisinsk utstyr
Førarkort kl. B
Må meistre norsk og engelsk både munnleg og skriftleg
Det er ønskeleg med samtykke frå Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB) til å arbeide med reparasjon av elektromedisinsk utstyr.
Personlege eigenskaparDu må kunne arbeide godt både sjølvstendig og i team
Du er vennleg og hjelpsam mot kollegaene dine
Du arbeider ryddig, målretta og strukturert
Du tek initiativ og har evne til å gjennomføre arbeidsoppgåver
Du tilpassar deg lett - er serviceinnstilt, løysningsorientert og fleksibel
Du har motivasjon og interesse for fagfeltet
Vi tilbyrEi utfordrande og spanande stilling ved eit av dei største sjukehusa i Noreg
Ein allsidig jobb med gode moglegheiter for utvikling
Eit stabilt arbeidsmiljø prega av stort mangfald både i utdanningsnivå og profesjon (fag)
Moglegheit for å væra medlem i eit aktivt bedriftsidrettslag
Fleksibel arbeidstidsordning
Pensjon og forsikringsvilkår i KLP
Lønn etter avtale
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
KontaktinformasjonKirsti Legernes, Seksjonsleiar, 92684925, mta@helse-bergen.no
ArbeidsstadHaukelandsveien 22
5021 Bergen
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5185401516
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 16.11.2026
Sluttdato: 30.10.2027
Søknadsfrist: 08.10.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.