Bioingeniør
Laboratoriet Odda Sjukehus
- Arbeidssted
- ULLENSVANG, ODDA, VESTLAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 28. sep. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Vil du jobbe som bioingeniør – og ha fjord, fjell og skiopplevingar rett utanfor døra?
Som bioingeniør ved Laboratoriet i Odda er du tett på drift og pasientbehandling – i eit lite og samansveisa miljø der du faktisk får påverke kvardagen.
Er du 3.-årsstudent? Då kan du få 50 000 kr dersom du bind deg i 2 år: https://shortlink.uk/1rGZ1
Odda byr på trolltunga, brevandring, kajakk, sykling, fruktgardar – og gode moglegheiter for ski og topptur når sesongen er inne. Perfekt for deg som vil bruke fritida like aktivt som du bruker faget ditt. Les meir om kva Odda har å by på: https://shortlink.uk/1rGZk
Vurderer du å flytte – men vil vere trygg på at overgangen blir enkel? I Odda hjelper vi deg i gang med flyttepakke (inntil 20 000 kr) og husleige dekka dei første 6 månadene (inntil 60 000 kr). Du kan òg ha rett på sletting av studiegjeld.
👉 Vi gler oss til å høyre frå deg! Har du spørsmål, eller ønskjer du ein uformell prat? Ta kontakt med oss i dag.
Kva går jobben ut på? Analysearbeid innan generell kjemi, hematologi, koagulasjon og blodtypeserologi
Blodprøvetaking
Tapping og produksjon av blod
Enkle mikrobiologiske analysar
Delta i vaktordning
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?Norsk autorisasjon som bioingeniør
Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar
Kva ser vi etter hos deg?Hos oss er det viktig at du:
Jobbar nøyaktig og har blikk for kvalitet – også når det er mykje å gjere
Tek initiativ og har gjennomføringsevne når noko bør forbetrast
Kommuniserer tydeleg og samarbeider godt på tvers av fag og roller
Bidreg til eit godt arbeidsmiljø og liker å spele andre gode
Kvifor skal du velje oss?Faglege utfordringar og høgt fagleg nivå
Interessante og varierte arbeidsoppgåver
Godt arbeidsmiljø og engasjerte medarbeidarar
Hjelp til bolig
Mulighet for tilrettelagt turnus og friperioder
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
KontaktinformasjonRandi Djønne, Funksjonsleiar, +47 53651123, randi.djonne@helse-fonna.no
ArbeidsstadSjukehusvegen 10
5750 ODDA
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Fonna HF
Referansenr.: 5179352038
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 28.09.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.