Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

Lis i Karkirurgi

Kirurgisk klinikk, Helse Bergen HF

Arbeidssted
BERGEN, VESTLAND
Publisert
Søknadsfrist
12. okt. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Fast
Antall stillinger
2

Stillingsdetaljer

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, Kirurgisk klinikk, Avdeling for karkirurgi, har ledig fast stilling som lege i spesialisering (LIS) i karkirurgi, samt eit vikariat i LIS-stilling. Cand.med. som ventar på å gjennomføre LIS1 kan òg søke og vil bli vurdert for vikariat dersom det ikkje er andre kvalifiserte søkarar. Vikariat kan tene som del av spesialistutdanninga. Dette er ein unik moglegheit til å arbeide ved ei av dei mest avanserte og aktive karkirurgiske avdelingane i Noreg. Karkirurgisk avdeling diagnostiserer og behandlar eit breitt spekter av karkirurgiske tilstandar, inkludert open og endovaskulær kirurgi for aneurismer, carotiskirurgi, perifer karkirurgi og aksesskirurgi. Vi har eit tett samarbeid med intervensjonsradiologisk avdeling, thoraxkirurgi, kardiologi og traumesenteret, og deltar i mottak av multitraumatiserte pasientar. Avdelinga er tertiærsenter for heile Vestlandet. Vakttenesta inngår deltaking i mottak av multitraumatiserte pasientar i samarbeid med Traumesenteret i Bergen. Den faste stillinga inngår i den vaktordninga som til einkvar tid gjeld ved Kirurgisk klinikk. For vikariatet kan dette avtalast.  Vi tilbyr eit strukturert utdanningsløp med fokus på fagleg utvikling og opplæring i både open og endovaskulær karkirurgi. Du vil også delta i forskings- og fagutviklingsaktivitetar, og få rettleiing av erfarne overlegar som er dedikert til å sikre din kompetanseutvikling. For fast stilling gjeld: Etter fullført spesialisering, vil stillinga bli omgjort til stilling som legespesialist.  ArbeidsoppgåverDelta aktivt i utgreiing, diagnostisering og behandling av pasientar med karkirurgiske tilstandar Utføre og assistere ved elektive og akutte kirurgiske inngrep Delta i poliklinisk og dagkirurgisk verksemd Bidra i tverrfaglege team og samarbeid med andre spesialitetar Motta rettleiing og bidra til undervisning av medisinstudentar Vere ein aktiv bidragsytar til eit positivt arbeidsmiljø KvalifikasjonarDen som blir tilsett som LIS, må ha norsk autorisasjon og godkjent turnusteneste/LIS1, eller teneste som etter gjeldande norsk regelverk kan leggast til grunn for tilsetting i LIS-stilling i karkirurgi Cand.med. som ventar på å gjennomføre LIS1, kan også søke og vil bli vurdert for vikariat dersom det ikkje er andre kvalifiserte søkarar Interesse for karkirurgi og eit ønske om spesialisering innan fagfeltet Søkarar må ha særs gode kunnskapar i norsk, både munnleg og skriftleg Personleg eignaheit blir vurdert som viktig Kjennskap til karkirurgi er ikkje ein føresetnad, men vil bli vektlagt Personlege eigenskaparEngasjert og motivert for fagleg utvikling Sjølvstendig og trygg i akutte situasjonar Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner Strukturert, nøyaktig og ansvarsbevisst Bidrar aktivt til eit godt arbeidsmiljø Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar i vurderinga av kandidatar Vi tilbyrEit strukturert utdanningsløp innan karkirurgi med fokus på både open og endovaskulær kirurgi Rettleiing og oppfølging frå erfarne karkirurgar Moglegheit til å delta i forskingsprosjekt og fagutvikling Eit sterkt og inkluderande fagmiljø Lønn etter gjeldande avtaleverk Moglegheit til å påverke eigen utvikling og bidra til avdelingas retning Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.KontaktinformasjonEspen Tyse Gubberud, Avdelingssjef, 97624606 ArbeidsstadHaukelandsveien 22 5021 BERGEN Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF Referansenr.: 5186109783 Stillingsprosent: 100% Fast, Vikariat Startdato: 19.10.2026 Søknadsfrist: 12.10.2026
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.