I BFD er det ledig stilling som kommunikasjonsrådgivar med ansvar for sosiale medium
Barne- og familiedepartementet
- Arbeidssted
- OSLO
- Publisert
- Søknadsfrist
- 20. sep. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Om stillingaVi ser etter deg som er samfunnsengasjert og som ønskjer å jobbe med kommunikasjon i skjeringspunktet mellom fag og politikk. Stillinga vil ha ansvar for departementets innhald i sosiale medium, og delta i ein felles redaksjon for regjeringas sosiale medium. I tillegg inneber jobben å ta del i dei mange løpande strategiske og operative oppgåvene i Kommunikasjonseininga. Vi er til saman seks medarbeidarar i Kommunikasjonseininga, som gir faglege og strategiske kommunikasjonsråd til politisk leiing og departementet. Arbeidet er kjenneteikna av eit høgt tempo, varierte oppgåver og eit hyggeleg arbeidsmiljø.
Arbeidsoppgåvene vil i hovedsak vere å
produsere, redigere og publisere innhald som video, foto, nyheitsgrafikk og nyheitssaker for sosiale medium og digitale kanalar
jobbe med strategi og innhald til departementets og regjeringas sosiale medium
delta i Kommunikasjonseiningas pressevaktordning
jobbe med ekstern kommunikasjon og pressearbeid
jobbe med intern kommunikasjon og intranett
produsere og publisere innhald for nettsider
bidra i løpande oppgåver
Du må rekne med noko arbeid utanfor ordinær arbeidstid, og også noko reising i jobben. Vi ser etter deg som har høg grad av fleksibilitet og er villig til å ta på deg oppgåver innanfor heile ansvarsområdet til Kommunikasjonseininga. Du må ha god kunnskap om sosiale medium og digitale kanalar, og kunne skrive godt på begge målformer og engelsk.
Kvalifikasjonar:Utdanning på minimum bachelornivå innan journalistikk, medieutdanning, samfunnsvitskap eller liknande.
Minimum to års relevant erfaring med kommunikasjonsarbeid, gjerne frå offentleg sektor.
Personlege eigenskapar:Gode samarbeidsevner og relasjonelle ferdigheiter, men også evne til å arbeide godt sjølvstendig.
Evne til å arbeide strukturert og under tidspress med korte fristar.
Høg grad av fleksibilitet og arbeidsvilje.
Analytiske ferdigheiter og god vurderingsevne.
Serviceinnstilt og profesjonell i jobben overfor politisk leiing og departementet.
Vi ser etter ein lagspelar som tek initiativ og ansvar, og som er fleksibel og serviceinnstilt. Vi vil leggje stor vekt på personlege eigenskapar i tilsetting til stillinga.
Vi tilbyrlønn i stillingskode rådgivar, i lønnsspenn frå kr. 610 000 – 700 000
fleksibel arbeidstidsordning og moglegheit for trening i arbeidstida
kontor sentralt i Oslo sentrum, rett ved Stortinget t-banestopp. Vi har kantine, bibliotek og treningsrom i bygget
gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom Statens pensjonskasse
Andre opplysningar:Vi ber deg leggje ved attester og vitnemål med karakterar når du søkjer.
At du har søkt på stillinga kan bli offentleggjort. Dette gjeld sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste, jf. offentleglova § 25. Du vil i så fall bli informert før offentleggjeringa og få høve til å trekke søknaden.
Den som blir tilsett må kunne autoriserast for behandling av informasjon gradert AVGRENSA. Les meir om autorisasjon her:
https://nsm.no/fagomrader/personellsikkerhet/sikkerhetsklarering/autorisasjon/.
BFD samarbeider med Semac for bakgrunnssjekk av aktuelle kandidatar. Bakgrunnssjekken blir utført etter samtykke frå deg som søkjar, og inneber at vi verifiserer CV og anna søknadsinformasjon i samband med tilsettinga.
Har du spørsmål?
Ta gjerne kontakt med Kari Westersund. tlf.: 928 56 192, e-post: Kari.Westersund@bfd.dep.no
BFD som arbeidsgivarSom arbeidsgivar vil vi spegle mangfaldet i samfunnet. Vi oppmodar derfor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss, uavhengig av bakgrunn. Vi skal sørge for å leggje til rette arbeidsplassen dersom det er behov for det.
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.