Strategisk analytikar
Møre og Romsdal Politidistrikt
- Arbeidssted
- ÅLESUND, MØRE OG ROMSDAL
- Publisert
- Søknadsfrist
- 11. okt. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Om stillingaHar du evne til å analysere data, sjå samanhengar og skape oversikt på tvers av ulike informasjonskjelder? Møre og Romsdal politidistrikt søkjer no etter ein strategisk analytikar som ønskjer å bruke kompetansen sin til å bidra til tryggleik og ei kunnskapsbasert utvikling av politiet si verksemd. Stillinga er nyoppretta, og er organisert under Stab for verksemdstyring. Du må pårekne noko reiseaktivitet, og evna til å samhandle digitalt er viktig.
Som strategisk analytikar vil du samarbeide tett med ulike fagmiljø for å samle inn, systematisere, analysere og formidle innsikt som støttar gode avgjerder. Du vil ha ei sentral rolle i utviklinga av styrings- og beslutningsgrunnlag knytt til kriminalitets- og straffesaksdata, i tillegg til interne styringsdata. Gjennom analysar og innsikt vil du bidra til betre prioriteringar, meir målretta ressursbruk og auka måloppnåing i politidistriktet.
Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag, skal vi førebyggje og nedkjempe kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken. Vi trur at mangfald bidrar til betre oppgåveløysing, og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng.
Dette ser vi etter hos ein ny medarbeidarVi ser etter deg som er analytisk, nysgjerrig og utviklingsorientert. Du blir motivert av å bruke data og innsikt til å skape betre avgjerder, gode prioriteringar og meir effektiv drift.
Du arbeider sjølvstendig og strukturert, tek eigarskap til oppgåvene dine og leverer arbeid av høg kvalitet. Som analytikar kombinerer du grundigheit med pragmatisme og har god evne til å prioritere innsatsen der verdien er størst.
Du kommuniserer klart og tydeleg, samarbeider godt på tvers av fagmiljø og er komfortabel med å utfordre etablerte praksisar når det bidreg til utvikling og forbetring.
Arbeidsoppgåvergjennomføre interne og eksterne analysar på bakgrunn av bestillingar
analysere data, styringsinformasjon, ressursbruk, resultat og utviklingstrekk
utvikle rapportar, analysegrunnlag og kunnskapsgrunnlag for leiing og fagmiljø
formidle komplekse analysar på ein tydeleg, relevant og målretta måte
bidra i utviklings-, utgreiings- og forbetringsarbeid på tvers av organisasjonen
samarbeide med interne og eksterne aktørar om datagrunnlag, innsikt og oppfølging
kan påleggast andre oppgåver
KvalifikasjonarDette må du ha for å vere kvalifisert:
relevant høgare utdanning på minimum bachelornivå, fortrinnsvis innan analyse, statistikk/vitskapelege fag, offentleg styring, politivitenskap, eller tilsvarande fagområde.
relevant erfaring frå analysearbeid
god IKT-kompetanse og trygg i bruk av digitale analyseverktøy
gode skriftlege og munnlege framstillingsevne på norsk
plettfri vandel og vere skikka for tjeneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må innhentast ved eventuell tilsetting, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41. Ved søknad på stillinga må du pårekne at det blir henta inn opplysingar om deg frå registra til politiet til bruk i vandels- og skikkaheitsvurderinga
Eventuell utdanning frå utlandet må vere godkjent av Nasjonalt organ for kvalitet i utdanning (NOKUT) eller Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse for å bli vurdert.
Det er også ønskjeleg med:
mastergrad innan relevant fagområde
erfaring med analyseverktøy, handtering av større datamengder og visualisering av data
erfaring frå politi- og lensmannsetaten
Personlege eigenskaparFor å trivast og lykkast godt i stillinga, ser vi for oss at du
er strukturert og systematisk, med evne til å planleggje, prioritere og følgje opp oppgåver på ein effektiv måte
kommuniserer godt og kan framstille komplekse analysar på ein brukarvenleg og forståeleg måte
er ein lagspelar som samarbeidar godt på tvers av roller og seksjonar
er oppteken av å identifisere forbetringsmoglegheiter og løysingsorientert
Personleg eignaheit vil bli vektlagt.
Som medarbeidar i politiet har du høg etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og medarbeidarplattformen her.
Dette kan vi tilby om du vel ossein spennande arbeidsplass med eit viktig samfunnsoppdrag der du får vere med på å forme politiet for framtida
gode moglegheiter for fagleg utvikling og kompetansebygging
fast stilling som seniorrådgivar (SKO 1364) med brutto årslønn frå kr. 730 000
medlemskap i Statens pensjonskasse som gir deg mange gode. Les meir på www.spk.no. Det blir trekt to prosent frå lønna til innskot i Statens pensjonskasse
fleksibel arbeidstid og mogelegheit for trening i arbeidstida
tilknyting til bedriftshelsetjeneste og fordelar ved å tilhøyre ei IA-bedrift
moglegheit for noko heimekontor i tråd med gjeldande retningslinjer i organisasjonen og etter nærare avtale med leiar
Tilsetting skjer på vilkår fastsett i statsansatteloven og personalreglementet for politiet, derunder at prøvetida er seks månadar.
Mangfald i politietDersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve til å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju.
Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her.
Opplysningane du gir, blir brukt til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.
Video: https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_WcSlik søkjer duDu søkjer ved å fylle ut CV i Jobbnorge sitt CV-skjema og skrive eit kort søknadsbrev. I tillegg må du leggje ved relevante vitnemål og attestar. Relevante kandidatar vil bli kalla inn til intervju.
Opplysningar om deg kan bli offentleggjorde sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.