Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

Ønskjer du ein variert arbeidskvardag med menneske og fag i sentrum?

Nav Øygarden

Arbeidssted
ØYGARDEN, STRAUME, VESTLAND
Publisert
Søknadsfrist
28. okt. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Fast
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Nav Øygarden held til i moderne og trivelege lokale sentralt på Straume. Vi er om lag 80 engasjerte medarbeidarar fordelt på fire avdelingar som kvar dag jobbar for å gi gode og heilskaplege tenester til innbyggjarane i kommunen. Hos oss får du dyktige kollegaer, eit inkluderande arbeidsmiljø og moglegheit til både fagleg og personleg utvikling. No har vi ledig ei spennande stilling som rettleiar i Avdeling Tenesteavklaring. Dette er ei variert stilling der du får arbeide med saksbehandling, kartlegging og oppfølging av menneske i ulike livssituasjonar. Du vil møte problemstillingar som krev både fagleg vurderingsevne, samarbeid og gode relasjonelle ferdigheiter. Gjennom arbeidet får du bidra til at fleire kan kome i arbeid og aktivitet, samstundes som du er med på å sikre viktige velferdsrettar. Kva går jobben ut på?saksbehandle søknader om arbeidsavklaringspengar klagehandsaming vurdere vilkår for sjukepengar og andre problemstillingar knytte til sjukefråværsoppfølging kartlegging og vurdering etter NAV-lova § 14 a oppfølging og rettleiing av brukarar samarbeid og kontakt med andre instansar i NAV bidra til fagleg utvikling og kompetansedeling delta i vaktordninga for drop-in-mottaket Kva kompetanse er viktig i denne rolla?Du må ha fullført utdanning på minimum bachelornivå, fortrinnsvis innan jus eller samfunnsfag. Relevant erfaring og/eller kompetanse kan kompensere for utdanningskravet. erfaring frå offentleg forvaltning god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk god digital kompetanse Det er ein fordel om du har erfaring med saksbehandling erfaring med oppfølging og rettleiing av brukarar Kven er du?du er løysingsorientert og har god evne til å gjere faglege vurderingar du møter ulike menneske på ein trygg, respektfull og profesjonell måte, også når situasjonen er krevjande du arbeider strukturert og held oversikt i ein travel arbeidskvardag du klarer å omstille deg mellom ulike oppgåver, situasjonar og menneske Kvifor velje oss?meiningsfylt oppgåver innenfor eit viktig samfunnsområde gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling eit godt arbeidsmiljø med engasjerte og dyktige kollegaer moderne og helsefremmende kontorlokale (ABW - aktivitetsbasert arbeidsplass) fleksibel arbeidstid, heimekontorordning og mogelegheit for trening i arbeidstida stilling som rettleiar i stillingskode 1434, med lønnsspenn frå kr. 639.000 til kr. 660.000 per år. For særleg kvalifiserte søkarar kan noko høgare lønn vurderast. god pensjonsordning, låneordning og forsikringar gjennom Statens pensjonskasse  Les meir om Nav som arbeidsgivar KontaktinformasjonNina Susanne Andersen, Nav leiar, 971 69 980, nina.andersen@nav.no ArbeidsstedGrønamyrvegen 18 5353 Straume Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Nav Referansenr.: 5194472860 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 28.10.2026
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.