Bussjåfør i Firda Billag Buss
Firda Billag Buss AS
- Arbeidssted
- STRYN, VESTLAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 21. okt. 2027
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 2
Stillingsdetaljer
Vi treng fleire kollegar og har jobb til deg!Firda Billag Buss ser etter deg som ynskjer å jobbe som sjåfør i Stryn, Selje og Nordfjordeid! Og du, har du kun C eller CE - sjå her!
Vi tilbyr faste stillingar, men ynskjer du deltid eller tilkalling er det og ein mogelegheit. Vår busspark er heilt ny, så du vil få godt moderne utstyr å jobbe med.
Trivst du i eit aktivt miljø, vil du vere vårt ansikt utad, har godt humør og vil vere ein del av vårt gode arbeidsmiljø - då må du søke.
Vi ser etter deg som:
trivst bak rattet og har ekte glede av å møte menneske
er serviceinnstilt, roleg og profesjonell – også når det hastar
tek ansvar, held hovudet kaldt og har eit auge for tryggleik
bidreg positivt til arbeidsmiljøet og lagånda
har førarkort klasse D og YSK (eller er motivert for å ta det)
du må kunne kommunisere på norsk
Vi tilbyr:
Konkurransedyktige vilkår
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Turnusar som gir rom for både jobb og fritid
Eit sterkt og sosialt arbeidsmiljø med samhald og humor
Ein arbeidskvardag der du verkeleg betyr noko for folk
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.