Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

Dagleg leiar/Verdsarvkoordinator

Nærøyfjorden Verdsarvpark Sti

Arbeidssted
AURLAND, VESTLAND
Publisert
Søknadsfrist
20. nov. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Fast
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Vestnorsk fjordlandskap vert rekna som eit av dei mest dramatiske og spektakulære landskapa i verda, med nokre av dei lengste, djupaste, smalaste og vakraste fjordane. Det storslåtte landskapet har trollbunde besøkande til alle tider. Hva vi ser etter Personlege eigenskapar Du er ein tydeleg og motiverande leiar Du er utviklingsorientert og ser moglegheiter Du har gode samarbeidsevner og evne til å byggje relasjonar Du arbeider strukturert og sjølvstendig Personlege eigenskapar vil bli vektlagt Arbeidsoppgaver Som dagleg leiar og verdsarvkoordinator får du det overordna ansvaret for drift og utvikling av verdsarvparken. Du vil spele ei sentral rolle i å følgje opp parkplan og strategiar, og i å utvikle gode samarbeid med partnarar og aktørar i regionen. Stillinga inneber tett dialog med styret, samarbeidspartnarar og offentlege myndigheiter, og krev både strategisk og operativt arbeid. Arbeidsoppgåver Leiing av den daglege drifta av verdsarvparken Oppfølging og vidareutvikling av parkplan og strategiar Personalansvar for tilsette og prosjektmedarbeidarar Budsjettansvar og økonomistyring Byggje og vidareutvikle samarbeid med kommunar, verksemder, organisasjonar, grunneigarar og lokalsamfunn Søkje finansiering og forvalte tilskotsmidlar Synleggjere verdsarvparken gjennom formidling, kommunikasjon og profilering Arbeide for berekraftig verdiskaping basert på natur- og kulturarv Samarbeid med stiftingar og Norges verdensarv Kvalifikasjonar Relevant høgare utdanning Erfaring med samarbeid og nettverksbygging God forståing for samspelet mellom vern, næringsutvikling og lokalsamfunn Gode leiareigenskapar og god økonomiforståing God munnleg og skriftleg framstillingsevne Det er ein fordel med: Kjennskap til offentleg forvaltning og tilskotsordningar Erfaring med søknadsarbeid og finansiering Kjennskap til regionen og verdsarvområdet Vi tilbyr Vi tilbyr Ei spennande og meiningsfull leiarstilling i eit internasjonalt verdsarvområde Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver i skjeringspunktet mellom vern og utvikling Moglegheit til å påverke utviklinga av lokalsamfunn og næringsliv i regionen Eit engasjert fagmiljø og breitt samarbeid med regionale aktørar Løn og tilsetjingsvilkår etter avtale
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.