Norge nå-logo
Tilbake til Jobber i Norge

Leiar for rekneskap

ORO - Økonomi, Vestland fylkeskommune

Arbeidssted
SOGNDAL, LEIKANGER, VESTLAND
Publisert
Søknadsfrist
27. sep. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Fast
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Er du ein leiar som trivst med å vere tett på drifta – og som meistrar balansen mellom det strategiske og det operative? Då kan dette vere jobben for deg! I Vestland fylkeskommune arbeider vi målretta med å digitalisere verksemda og utnytte systema våre fullt ut. Vi nyttar Visma Enterprise Plus som ERP-system og Framsikt til budsjett- og rapportering. Rekneskapsfunksjonen har ei sentral rolle i dette arbeidet, og vi søkjer no ein operativ og handlekraftig leiar som vil vere til stades i den daglege drifta og sikre framdrift og kvalitet i teamet. ArbeidsoppgåverKjerneoppgåver i eininga Remittering Fakturering og purring Fakturamottak Avstemming av bankkonti og balanse Anleggsmodul Rapportering til myndigheitene (mva, KOSTRA mm) Brukaradministrasjon i ERP-system, administrator betalingsløysingar Brukarstøtte og saksbehandling i supportsystem Periode- og årsoppgjer Arbeidsoppgåver Du vil ha personalansvar for eit fagleg sterkt team på 7 medarbeidarar på Leikanger. Som operativ leiar er du ein aktiv deltakar i den daglege drifta. Du er tett på oppgåvene, set retning og sikrar at teamet leverer til rett tid og med rett kvalitet. Dagleg drift og leiing av eininga, inkludert medarbeidaroppfølging og kompetanseutvikling Ansvar for å utarbeide og kvalitetssikre rekneskapen, inkludert utvikling og dokumentasjon av rekneskapsrutinar Tilby interne kurs og generell opplæring innan rekneskapsområdet Svare på rekneskapsspørsmål frå organisasjonen Kontaktperson mot fylkeskommunen sin revisor Kontaktperson for bankavtale og inkassoleverandør KvalifikasjonarHøgare økonomisk utdanning, gjerne på bachelor-nivå eller tilsvarande. Relevant arbeidserfaring innan rekneskap kan kompensere for utdanningskravet. Erfaring frå rekneskapsarbeid, gjerne frå ei stor og kompleks verksemd Relevant leiarerfaring, gjerne frå ei operativ leiarrolle God forståing for rekneskapssystem og integrasjon av ulike system Erfaring med prosjekt- og prosessrelatert arbeid er ein klar fordel Erfaring frå offentleg sektor er ønskjeleg Personlege eigenskaparDu er en leiar som Er operativ og til stades – du er ikkje redd for å ta tak i oppgåvene der det trengst Har gode samarbeidsevner og skapar eit godt arbeidsklima Har gjennomføringsevne og evnar å prioritere riktig Er analytisk og strukturert i arbeidsforma Evnar å skape tillit og aksept i organisasjonen Har personleg integritet Kommuniserer godt, både munnleg og skriftleg Identifiserer deg med verdiane våre: kompetent, open og modig Personlege eigenskapar vil bli vektlagd Vi tilbyrHos oss får du: Gode moglegheiter for fagleg utvikling Løn etter avtale/ Gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar Kvifor velje oss? Fagleg sterkt miljø – bli ein del av eit kompetent rekneskapsteam med høg fagleg integritet Digital kvardag – vi har implementert moderne system og jobbar kontinuerleg med å utnytte dei fullt ut og forbetre prosessane Tett samarbeid – du samarbeider med nøkkelressursar innan løn, innkjøp og IKT Påverknadskraft – du får reell innverknad på korleis rekneskapsfunksjonen utviklar seg Leikanger ved Sognefjorden – ein flott kontorstad med gode pendlarmoglegheiter KontaktinformasjonLinda Mæland Nipen, Leiar økonomi ArbeidsstadAskedalen 2 6863 Leikanger Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune Referansenr.: 5176105115 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 27.09.2026
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.