Gynekolog, Voss sjukehus
Voss Gynekologiske legar, Helse Bergen HF, Voss sjukehus
- Arbeidssted
- VOSS, VESTLAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 25. okt. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Søkjer du ein kvardag med nærleik til frisk luft og fjell? Men samstundes ynskje om å arbeide i eit spanande og utfordrande sjukehusmiljø?
Velkomen til Voss!
Voss Føde- og gynekologisk avdeling søkjer etter nye kollegaer. Me har ledig 100% fast stilling som gynekolog og kan tilby pendlarvennleg turnus.
Me søkjer deg som har erfaring innanfor generelle gynekologiske problemstillingar i poliklinikken og på operasjonsstova. Du må samstundes beherska fødselshjelp godt og trivast med vaktarbeid på fødegangen, samt poliklinisk oppfølging av risikogravide frå vårt distrikt. Arbeidsoppgåvene vil vere både innan fødselshjelp, gynekologi og oppfølging av nyfødde. Vaktordninga er for tida 6-delt med heimevakt på kveld og natt.
Det blir født kring 400 born på Voss i året. Ved sida av å ha sett til at alt gjekk fint for seg med dei, gjennomfører vi kring 3000 polikliniske konsultasjonar og 300 operasjonar. Vi utfører dei fleste inngrep innanfor benign gynekologi. Vi har stort fokus på fagleg utvikling og vi ventar at du har det samme. Vi samabeider tett med Kvinneklinikken på Haukeland.
ArbeidsoppgåverPoliklinikk
Operasjonar
Visittgang/postarbeid
Vurdere tilvisingar
Fødselshjelp og oppfølging av nyfødde
Undervising og rettleiing av LIS1 og LIS3
Delta i vaktordning
KvalifikasjonarDu har norsk autorisasjon og spesialistgodkjenning i gynekologi
Du må meistre norsk språk både skriftleg og munnleg
Du behandlar pasientar profesjonelt og empatisk og er imøtekomande
Du bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
Du har engasjement for fagfeltet og ønskjer å vidareutvikle kompetansen din
Det blir lagt vekt på relevant yrkeserfaring og klinisk erfaring
Personlege eigenskaparDu kommuniserer tydeleg og forståeleg overfor pasientar og andre samarbeidspartnarar
Du har god fagleg vurderingsevne, og arbeidar strukturert og målretta
Du etablerer gode samarbeidsrelasjonar til alle nødvendige yrkesgrupper
Vi tilbyrEit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
Fagleg utvikling
Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Voss sjukehus vil kunne hjelpe med passande
bustad
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
KontaktinformasjonKathrine Woie, Seksjonsleiar, +47 97176463
ArbeidsstadSjukehusvegen 16
5704 Voss
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5192030542
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 25.10.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.