Sjukepleiar i team Selje/Stadlandet
Stad kommune
- Arbeidssted
- STAD, SELJE, VESTLAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 6. des. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Vil du vere med og forme framtidas helsetenester ? Vi søkjer etter akkurat deg!
Vi har ledig fast 100 % stilling som offentleg godkjend sjukepleiar i turnus frå februar 2027. Stillinga er i hovudsak 100 %, men ønske om anna stillingsprosent kan vurderast.
I område Selje/Stadlandet har vi slått saman sjukepleiarkreftene våre. Her jobbar vi side om side i heimetenesta og på institusjon som eit team, for å gje best mogleg omsorg til dei vi er her for.
Her får du oppgåver som spenner frå avansert medisinsk oppfølging, til tett samarbeid og oppfølging i livets siste dagar. Du får brukt heile sjukepleiefaget – og meir til – i ein variert kvardag hos oss der ingen dagar er like.
Kvifor velje oss?
Du får oppleve kor verdifullt det er å jobbe på tvers av heimebasert omsorg og institusjon. Du får reise på heimebesøk der du møter menneske i sitt eige miljø samtidig som du får nytte sjukepleiarkompetansen din til å hjelpe tenestemottakarar i bufelleskap og institusjon. Du får vere sjølvstendig samtidig som du har tett samarbeid med kollegaer og fellesskap rundt faglege diskusjonar.
Hos oss får du brukt sjukepleiarkompetansen din der den trengst mest. Vi sørger for at rett kompetanse blir brukt på rett stad, slik at du kan fokusere på oppgåver som krev din faglege kompetanse. Du blir del av eit sterkt fagmiljø der kunnskap, erfaring og idear er verdsett. Du får utfordringar som gir deg høve til å bruke både akuttkompetanse, kliniske ferdigheiter, observasjonskompetanse og omsorgsevne.
Stad kommune tilbyr 30.000 kroner over tariff i rekrutteringstillegg.
Du kan velje langvaktsturnus, turnus med ordinære vakter eller ein kombinasjon av dette.
"Eitt team. Eitt mål. Best mogleg omsorg – saman med deg!”
Bli med i vårt tverrfaglege team i heimetenesta og på Seljetunet! Her kombinerer vi styrkane våre på tvers for å gje best mogleg omsorg – både heime hos tenestemottakarane og på institusjon.
Er du sjukepleiarstudent oppmodar vi deg til å søkje!
ArbeidsoppgåverSjukepleiefaglege oppgåver, omsorg og medisinsk behandling
Kartlegging og vurdering av behov hos tenestemottakarane
Samarbeid med pårørande
Samarbeid med sakshandsamarteam
Følge opp og dokumentere tenesteytinga etter kvalitetskrav, lovverk og kommunale retningslinjer
Rettleie studentar, lærlingar og kollegaer
Tverrfagleg samarbeid med anna fagpersonell
KvalifikasjonarOffentleg godkjend / autorisert sjukepleiar
Gjerne relevant vidareutdanning og kurs
Gode språkkunnskapar i norsk både munnleg og skriftleg
Førarkort kl. B
Personlege eigenskaparDu jobbar for eit kontinuerleg godt og utviklande arbeidsmiljø
Du har lyst til å vere med å utvikle framtidas heime- og institusjonsteneste
Du likar utfordrande arbeidsoppgåver og varierte arbeidsdagar
Du er interessert i forbetringsarbeid
Du tek initiativ og ansvar
Du trivast med både å arbeide sjølvstendig og saman med andre
For oss er det viktig at du trivast med menneske, og at du ønskjer å bruke faget ditt til det beste for våre tenestemottakarar.
Dei vi skal hjelpe har ulike medisinske behov, og du må derfor kunne sette deg inn i ulike sjukdomsbilete og anbefalte behandlingsmetodar.
Vi tilbyrGodt tverrfagleg samarbeid og godt arbeidsmiljø
Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
Rekrutteringstillegg på kr. 30 000,- over garantiløna etter hovudtariffavtalen kap. 4
Moglegheit for kompetansetillegg på inntil kr. 28 000,- for inntil 60 studiepoeng for relevante studiar/vidareutdanningar
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Årsarbeidsplan som gir god fleksibilitet i forhold til å planlegge arbeidstid
Høve til å inngå avtale om å arbeide fleire helgar i årsarbeidsplan mot ekstra kompensasjon
Høve til å inngå avtale om langvakter på helg (kvar 4. helg), og i vekedagane for lengre friperiodar
Tilbod om flyttegodtgjersle dersom du vil flytte til kommunen vår
Høve til fagleg utvikling og tilrettelegging for vidareutdanning på område som kommunen har behov for
Høve til å inngå avtale om stipend og bindingstid som sjukepleiarstudent
Busette i Stad kommune i minst eitt år kan søkje Lånekassen om å få sletta delar av studielånet sitt
Vi ber om at attestar, vitnemål og relevante referansar vert lagt ved søknaden.
Stad kommune har seks månader prøvetid. Poitiattest skal leggast fram før start i stillinga. Aktuelle søkjarar må ha førarkort.
Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.
Ring oss gjerne for ein prat, så fortel vi meir!
KontaktinformasjonHeidi Munch Starheim, Einingsleiar Seljetunet, 48045210, heidi.munch.starheim@stad.kommune.no
Anne-Lise Teige, Konstituert einingsleiar heimetenesta, 41002206, anne-lise.teige@stad.kommune.no
Arbeidsstad
6740 Selje
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Stad kommune
Referansenr.: 5202630082
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 06.12.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.