Norge nå-logo
Tilbake til Jobber i Norge

Er du barnehagelærar og på jakt etter nye utfordringar? Då vil me gjerne høyre frå deg.

Lærdal kommune Lærdalsøyri barnehage

Arbeidssted
LÆRDAL, VESTLAND
Publisert
Søknadsfrist
6. okt. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Fast
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

I Lærdal bur det berre rundt 2 200 menneske, men jammen skjer det mykje her! Gjennom året byr me på store marknader, musikkfestival, matfestival, gytefestival (den må du nesten berre googla), varierte konsertar, motbakkeløp, terrengløp, fotballcup med gamle stjerner, vårfest – og mykje meir. Me er omkransa av majestetiske fjell og har eit rikt utval av fantastiske turmoglegheiter, både til fots og på ski. Her finn du også ei mengd fiskevatn og gode jaktmoglegheiter. Sentrum er koseleg og sjarmerande, med gamle trehus som strekkjer seg heilt ned til fjorden. I den grøderike dalen dyrkar dyktige bønder poteter, grønsaker, bær og frukt i rikeleg monn. Kommunen vår ligg faktisk svært sentralt til: Det tek om lag tre timar å køyra til Bergen og fire timar til Oslo. I tillegg ligg både «bygdebyen» Sogndal og turistmagneten Aurland berre ein dryg halvtime unna. Og ja – me har eige lokalsjukehus. Me søkjer no etter to barnehagelærarar i faste 100 % stillingar til barnehagane våre i Lærdal kommune.  To barnehagar – ulike i storleik, men med mykje felles Lærdalsøyri barnehage er den største barnehagen vår, med sju avdelingar og eit stort og variert fagmiljø. Barnehagen har eit fleirkulturelt og inkluderande barnehage- og arbeidsmiljø, der leik, læring og gode relasjonar står sentralt. Her får du mange kollegaer å samarbeide, reflektere og utvikle deg fagleg saman med. Borgund barnehage er ein liten og oversiktleg to-avdelingsbarnehage, og er ein del av Oppvekst Borgund. Her er barnehage, skule og SFO samla under same tak, med tett samarbeid og gode overgangar mellom barnehage og skule. Me nyttar naturen og nærmiljøet aktivt og legg stor vekt på leik, relasjonar, fellesskap og tryggleik. I eit lite fagmiljø vert du sett, får påverke og opplever kort veg frå idé til handling. Felles for barnehagane våre er ønsket om å skape ein trygg og god barndom, og eit arbeidsmiljø der me lærer av kvarandre og utviklar praksisen vår saman. Kven søkjer me? Me søkjer primært deg som har godkjent barnehagelærarutdanning. Dersom me ikkje får kvalifiserte søkjarar med barnehagelærarutdanning, kan det vere aktuelt å tilsetje barne- og ungdomsarbeidarar eller assistentar. Me oppmodar derfor også deg som har fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar, anna relevant utdanning eller relevant erfaring frå arbeid med barn, til å søkje. Me ser etter deg som er trygg, varm og tydelig i møte med barn. er god på relasjonsbygging og samarbeid. har engasjement for leik, læring og utvikling. tek ansvar og bidreg positivt i profesjonsfellesskapet. er løysingsorientert og trivst med ein variert kvardag. har evne og vilje til fagleg utvikling. Arbeidsoppgåver som ligg til stillinga Du skal vere med på å planleggje, gjennomføre og utvikle det pedagogiske arbeidet i barnehagen. Du samarbeider tett med kollegaer, føresette og andre samarbeidspartnarar og bidreg aktivt til eit trygt og godt barnehage- og arbeidsmiljø. Me tilbyr eit godt og inkluderande fagmiljø med dyktige, kjekke og engasjerte kollegaer. gode moglegheiter for fagleg utvikling og kompetanseheving. stor grad av medverknad og moglegheit til å påvekre eigen arbeidskvardag løn i tråd med hovudtariffavtalen i KS, basert på utdanning, kompetanse og erfaring. gode pensjonsordningar. gode personforsikringar som ein del av tilsettingsforholdet. Det kan nemast at Lærdal kommune mellom anna har full barnehagedekning. gratis fulltids-SFO for 1. -og 2.klassingar, gratis deltids-SFO for 3.klasse. gratis kommunale bustadtomter rett ved Borgund sentrum. eit variert kommunalt kulturprogram i tillegg til alt det andre som skjer i bygda. Les meir om Lærdal ved å klikka på denne lenkja Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at dei tilsette hjå oss skal spegla samansetjinga i resten av befolkninga. Me oppmodar alle kvalifiserte søkjarar til å søkja stilling hjå oss, uavhengig av alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det. Etter at søknadsfristen har gått ut, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste. Lista inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel, samt bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn i opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan likevel verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om å ikkje stå oppført på søkjarlista. Dersom anmodninga ikkje vert teken til følgje, vil søkjaren verta varsla om dette. Link til søknadsskjema: Søk her
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.