Seniorkonsulent/Rådgjevar/Seniorrådgjevar - Offentlege anskaffingar/kontraktar
Universitetet i Bergen
- Arbeidssted
- BERGEN, VESTLAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 23. nov. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Kunnskap som formar samfunnetUiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAOm stillinga:Ønskjer du ein variert arbeidskvardag der du får kombinere fagkompetanse, rådgiving og digitale løysingar?
Ved Økonomiavdelinga, Seksjon for innkjøp, er det ledig ei fast 100 % stilling som anskaffingsrådgjevar i kontraktgruppa. Stillinga kan bli innplassert som seniorkonsulent, rådgjevar eller seniorrådgjevar, avhengig av utdanning, relevant erfaring og samla kompetanse. Du får ei spanande prosjektleiarrolle i eit kompetanseteam som både handsamar enkeltanskaffingar og rammeavtaler for heile universitetet.
Seksjon for innkjøp har ansvar for alle interne og eksterne innkjøpsforhold ved universitetet. Her blir du del av eit tverrfagleg miljø med økonomisk, juridisk og teknisk kompetanse, der vi gir råd og støtte til fakultet, institutt og avdelingar og samarbeider tett med fagpersonar og andre bidragsytarar.
UiB kjøper for om lag 1,9 milliardar årleg. Vi har 24 årsverk fordelt på kontraktgruppa og gruppa for bestilling til betaling (BtB), og arbeidar strategisk med berekraft og kompetanseheving. Les meir i anskaffingsstrategien vår.
Kvifor velje oss?
Universitetet har ei stor bredde i innkjøpa. Hos oss får du difor moglegheita til å jobbe med mange ulike faglege utfordringar. Seksjon for innkjøp har ei nøkkelrolle i å gi solid støtte til den administrative og faglege verksemda, og du blir ein viktig del av dette. Vi vidareutviklar kontinuerleg dei digitale verktøya og malane vi nyttar i arbeidet, og har nyleg anskaffa nytt konkurransegjennomføringsverktøy. Vi har mange anskaffingar på engelsk, og på norsk kan du velje mellom å skrive bokmål og nynorsk.
Arbeidsoppgåver:Gi støtte og råd ved større enkeltkjøp og rammeavtaler:
o Utarbeide konkurransestrategi
o Utforme invitasjonar og konkurransegrunnlag
o Evaluere tilbod og tildele kontraktar
o Forhandle kontraktar
o Administrere og følgje opp inngåtte kontraktar
Utarbeide leverandøranalyser og marknadsundersøkingar
Leverandørutvikling
Kontroll og tilsyn av rammeavtaler
Informasjonsarbeid og medverking ved intern opplæring
Kvalifikasjonar og eigenskapar:Høgare utdanning på masternivå, med økonomiske, juridiske eller tekniske fag i fagkrinsen. Tilsvarande kvalifikasjonar kan i spesielle tilfelle oppnåast gjennom lang og allsidig praksis i sakshandsaming saman med relevant etter- og vidareutdanning
Interesse for fagfeltet
Det er ein fordel med
o Erfaring frå gjennomføring av anskaffingar
o Kunnskap om regelverket for offentlege anskaffingar
o Erfaring med elektroniske konkurransegjennomføringsverktøy
o Erfaring frå kontraktarbeid
o Annan relevant praksis
Personlege eigenskapar:
Gode prosjektleiingseigenskapar, særleg evne til å ta initiativ, strukturere arbeidet, drive prosessar framover og følgje opp oppgåver og involverte partar
Svært god skriftleg formuleringsevne
Gode evner til munnleg formulering
Evne til å prioritere og levere innan fastsette fristar
Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
God serviceinnstilling og evne til å finne gode løysingar
Gode kvalifikasjonar i engelsk både skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar blir vektlagt. Den som blir tilsett må vere villig til å tileigne seg nødvendig kompetanse.
Innplassering i stillingskode:
Stillinga kan bli innplassert som seniorkonsulent, rådgjevar eller seniorrådgjevar. Innplasseringa blir fastsett etter ei samla vurdering av utdanning, relevant arbeidserfaring, kompetanse innan anskaffingar og kontraktsarbeid, graden av sjølvstende og kompleksiteten i oppgåvene kandidaten har erfaring med.
For innplassering som seniorkonsulent blir det lagt vekt på relevant utdanning og/eller relevant arbeidserfaring. Kandidaten må ha føresetnader for å kunne arbeide med anskaffings- og kontraktsrelaterte oppgåver, med nødvendig opplæring og fagleg støtte.
For innplassering som rådgjevar blir det normalt kravd minst tre års relevant arbeidserfaring. Kandidaten må kunne dokumentere erfaring som gir grunnlag for å gjennomføre anskaffingar og handtere kontraktsfaglege problemstillingar sjølvstendig.
For innplassering som seniorrådgjevar blir det normalt kravd omfattande relevant arbeidserfaring, vanlegvis åtte til ti år. Kandidaten må i tillegg kunne dokumentere solid fagkompetanse og erfaring med sjølvstendig handtering av komplekse anskaffings- og kontraktsfaglege problemstillingar. Det vil bli lagt særleg vekt på erfaring med fagleg krevjande saker, rådgiving og evne til å bidra til fagutvikling og kvalitet i seksjonen.
Omfanget av erfaring er rettleiande. Relevansen og innhaldet i erfaringa, graden av sjølvstende og kompleksiteten i oppgåvene vil inngå i den samla vurderinga.
Vi kan tilby:Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver i et godt og positivt arbeidsmiljø
Ei spanande, kompleks og utfordrande stilling i eit sterkt fagmiljø
Opplæring
Gode kollegaer som deler kunnskap
Løn som seniorkonsulent (stillingskode 1363 ) i lønnsspenn frå kr 640.000 til kr 690.000, rådgjevar (stillingskode 1434) i lønsspenn frå kr 695.000 til kr 790.000, eller seniorrådgivar (kode 1364) i lønnspenn frå kr 750.000 til kr 870.000 avhengig av erfaring og kvalifikasjonar. For særs kvalifisert søkjar kan høgare løn vurderast
Fleksibel arbeidstid
Medlemsskap i Statens pensjonskasse som inneber god tenestepensjonsordning, tilbod om bustadlån til gunstig rente og yrkesskade og gruppelivsforsikring
Gode velferdsordningar
Generell informasjon:Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: innkjøpssjef Kjetil Skog (e-post kjetil.skog@uib.no) eller kontraktsgruppeleiar Kitty Amlie Tverrå (tlf. 55 58 21 09, e-post kitty.tverra@uib.no).
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Søkjarar med utanlandsk utdanning må i tillegg dokumentere at utdanninga samsvarar med norsk bachelor-, master-eller ph.d.-grad. Sjå https://www.hkdir.no (https://hkdir.no/) for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning (https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet/jeg-har-utdanning-fra-utlandet/sok-godkjenning-av-hoyere-utdanning-bachelor-master-ph-d).
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
UiB er underlagt regelverket for eksportkontroll og regelverket kan komme til anvending ved behandling av søknader til stillinga.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.