Bedriftslege/arbeidsmedisiner
Helse Fonna HF
- Arbeidssted
- HAUGESUND, ROGALAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 18. nov. 2026
- Omfang
- Deltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Vi søkjer ein bedriftslege i minimum 30% og opptil 50% fast stilling ved bedriftshelsetenesta (BHT) i Helse Fonna. Stillinga passar både for deg som er spesialist i arbeidsmedisin, og for deg som ønskjer å utvikle deg innan fagområdet.
Hos oss blir du ein del av eit tverrfagleg fagmiljø som arbeider for trygge, sunne og helsefremmande arbeidsplassar. BHT/HMS er ei intern teneste i Helse Fonna og er organisert under HR med 38 medarbeidarar. I avdelingen BHT/HMS er vi 6 medarbeidere som mellom anna jobbar med arbeidsmedisin, fysisk og kjemisk arbeidsmiljø, psykososialt og organisatorisk arbeidsmiljø, ergonomi, smittevern og systematisk HMS-arbeid.
Som bedriftslege får du ei viktig rolle i det førebyggande arbeidsmiljøarbeidet. Du får samarbeide med ulike faggrupper og blir ein del av eit fagleg nettverk med bedriftslegar i Helse Vest og nasjonalt.
Kva går jobben ut på?
Gi arbeidsmedisinsk rådgiving og bidra i det systematiske HMS-arbeidet.
Gi råd om nærværsfremmande tiltak, sjukefråværsoppfølging og tilrettelegging.
Leie relevante prosessar og prosjekt.
Ha ansvar for at det medisinske arbeidet i BHT er i samsvar med faglege reglar og normer.
Planlegge og gjennomføre målretta helsekontrollar og yrkesvaksinasjonar.
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
Norsk autorisasjon som lege og gjennomført turnusteneste/LIS1.
Du har fullført spesialisering i arbeidsmedisin, er i gang med spesialisering eller har relevant erfaring innan fagområdet.
Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
Kompetanse innan førebyggande arbeidsmiljøarbeid og interesse for arbeidsmiljøarbeid i komplekse organisasjonar.
God kjennskap til arbeidsmiljølova, forskrifter og anna relevant lovverk.
Kva ser vi etter hos deg?Vi ser etter deg som:
samarbeider godt med andre og trivst med tverrfagleg arbeid
kommuniserer tydeleg og formidlar medisinsk kunnskap på ein forståeleg måte
arbeider systematisk og målretta
har gode analytiske evner og kan vurdere samansette problemstillingar
Vi legg vekt på personlege eigenskapar.
Vi tilbyrEi variert og sjølvstendig stilling med fleksibel arbeidstid.
Eit inkluderande og tverrfagleg arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse.
Deltaking i faglege nettverk med bedriftslegar i Helse Vest og nasjonalt.
Gode pensjons- og forsikringsordningar.
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
KontaktinformasjonLaura Dida Maria Hauge, Avdelingsleiar, +47 45851417, laura.dida.maria.hauge@helse-fonna.no
ArbeidsstadKarmsundgata 120
5528 Haugesund
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Fonna HF
Referansenr.: 5197103762
Stillingsprosent: 50%
Fast
Søknadsfrist: 18.11.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.