Klinikkleiar
IDI-TH - Norheimsund/Odda klinikkområde, Vestland fylkeskommune
- Arbeidssted
- KVAM, NORHEIMSUND, VESTLAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 29. nov. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Er du vår nye klinikkleiar i Norheimsund/Odda klinikkområde?
Vestland fylkeskommune har ansvar for den offentlege tannhelsetenesta i fylket. Vårt samfunnsoppdrag er å levere tenester av høg kvalitet til våre innbyggarar og dette løyser vi gjennom samarbeid, førebygging og god klinisk praksis. Vi behandler hovudsakleg prioriterte pasientgrupper, men tar også i mot vaksne, betalande pasientar.
Tannhelsetenesta i Vestland er ein stor og kompleks verksemd med brei fagkompetanse, spesialistfunksjonar, gode forskingsmiljø og med eit sterkt førebyggjande fokus. Samla bidreg dette til gode folkehelse i fylket vårt. Avdelinga har omlag 550 tilsette fordelt på 55 tannklinikkar, ein intern fagstab og kompetansesenteret TkVestland.
God leiing av klinikkane er avgjerande for å sikre drift, effektiv ressursbruk og trygge arbeidsmiljø. No søkjer vi etter ein klinikkleiar som vil vere med å styrkje oppdraget vårt gjennom engasjerande og framtidsretta leiing.
Her får du ei rolle der du tek vare på menneska og bidreg til å utvikle gode, trygge og moderne tenester for dei som treng oss aller mest.
Norheimsund/Odda klinikkområde består av klinikkane Norheimsund , Odda og Lofthus tannklinikk. Lofthus tannklinikk er ein ambuleringsklinikk som betjenast av personell frå Odda.
Norheimsund og Odda tannklinikk er begge to mellomstore klinikkar.
Norheimsund: 3 tannlegar, 3 tannpleiarar og 3 sekretærar, og Odda: 3 tannlegar, 2 tannpleiarar og 3 sekretærar. Tilsammen 17 tilsette
Per i dag er kontorplass for klinikkleder i hovedsak i Norheimsund , men kan og være lokalisert i Odda.
ArbeidsoppgåverAnsvar for personalleiing av 17 tilsette, inkludert kompetanseutvikling, medarbeideroppfølging og
rekruttering.
Byggje og vidareutvikle trygge og inkluderande arbeidsmiljø, med vekt på medverknad, samarbeid og kontinuerleg fagleg utvikling.
Ansvar for budsjett og økonomistyring for eigne klinikkar
Sørgje for at vedtak, føringar og styringsdokument blir følgde opp og operasjonaliserte i den daglege drifta.
Syte for at drifta er i tråd med lover og retningslinjer, og følgjer målsetnadane til Vestland tannhelseteneste
Sikre at klinikkane tilbyr tenester med høg fagleg kvalitet, god pasienttryggleik og profesjonell service.
Som klinikkleiar vil du vere ein aktiv deltakar i områdeleiar si leiargruppe og bidra i strategiske utviklingsprosessar for tannhelseområdet i Vestland fylkeskommune
KvalifikasjonarDu må ha:
relevant høgare utdanning, gjerne innan leiing, administrasjon eller tilsvararande
erfaring frå leiing, anten i form av personalleiing og/eller fagleiing
gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
godkjent politiattest
Det er ønskjeleg at du har:
utdanning innan helsefagleg retning, fortrinnsvis innan tannhelse
erfaring frå offentlege helsetenester
erfaring med endring- og omstillingsprosessa
Personlege eigenskaparVi søkjer deg som:
utøver tydeleg, trygg og tillitsbasert leiing.
evner å skape samhald og felles retning for eininga di.
byggjer sterke fagmiljø og ein verdibasert kultur, der kvalitet, ansvar og samarbeid står sentralt.
tek avgjerder og følgjer dei opp og evnar å omsetje planar til handling og resultat.
er utviklingsorientert og tek initiativ til forbetring.
byggjer gode relasjonar til pasientar, pårørande, medarbeidarar og eksterne samarbeidspartnarar.
Leiarskapet ditt kan forankrast i verdiane til Vestland fylkeskommune som er kompetent, open og modig.
Vi tilbyr
ei spanande og variert leiarstilling i eit fagmiljø med høg kompetanse og engasjement.
deltaking i Vestland fylkeskommune sitt leiarutviklingsprogram.
eit sterkt leiarfelleskap i tannhelseområdet si leiargruppe.
løn etter avtale i tråd med Vestland fylkeskommune sin lønspolitikk
fylkeskommunale tilsetjingsvilkår med gode offentlege forsikrings- og pensjonsordninga
KontaktinformasjonLinda Stadheim Valland, klinikkleiar (tannlege), 45485176
Margareth Simonsen Råen, områdeleiar tannhelse, 99021332
ArbeidsstadGamle Dalavegen 15
5600 Norheimsund
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Referansenr.: 5205673300
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 29.11.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.