Kulturhusleiar
Gullbring kulturhus, Kultur og fritid
- Arbeidssted
- MIDT-TELEMARK, BØ I TELEMARK, TELEMARK
- Publisert
- Søknadsfrist
- 23. nov. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Gullbring kulturhus i Bø er den kulturelle storstova i Midt-Telemark kommune og eit hus for folkehelse; ein sosial møteplass og arena for kunst- og kulturlivet, idretten, frivilligheita, skule, helse og utdanning. Vår kulturhusleiar begynner i ny jobb, - difor lyser vi ut stillinga.
Midt-Telemark kommunale eigedom AS eig huset og har ansvar for teknisk drift, reinhald og vedlikehald, medan Midt-Telemark kommune leiger heile kultur- og idrettsbygget med uteområde. Kommunen har organisert drifta av kulturhuset som ei avdeling i eining for kultur og fritid. Kulturhusleiar/avdelingsleiar rapporterer til kultursjef/einingsleiar, - og deltar i leiarteamet ved sidan av rektor for kulturskolen og bibliotekleiar.
Kulturhuset driv kafé/kiosk, idrettshall, svømmehall/folkebad, kino og arrangement. I tillegg leiger kulturhuset ut lokale til kulturskulen, andre kommunale tenester, frivillige lag og eksterne aktørar. Universitetet i Søraust-Noreg er den største leigetakaren. I 2028 opnar kommunen nytt folkebibliotek i kulturhuset.
Kulturhusleiar sitt team som består av fagansvarlege for kino, kafé, folkebad og idrett, arrangementsteknikar og vaktmeister. Gullbring kulturhus har i underkant av 10 årsverk fordelte på heil- og deltidssette og tilkallingsvikarar.
ArbeidsoppgåverAnsvarleg for avdelinga sine leveransar innan økonomistyring, personalleiing, HMS og internkontroll
Ansvarleg for det samla programtilbodet og profilen til kulturhuset
Inngår og følger opp leigeavtalar og kontraktar, og har ei viktig vertsskapsrolle overfor leigetakarar, artistar og publikum
Overordna ansvar for planlegging, organisering og gjennomføring av den daglege drifta
Prioriterer og følgjer opp tiltak i tett samarbeid med huseigar, basert på interesse og forståing for teknisk drift av kultur- og idrettsbygg
Deltek i gjennomføring av arrangement og bidrar ofte i den daglege drifta
KvalifikasjonarØnska kvalifikasjonar
Søkjar har relevant utdanning på minimum bachelornivå innanfor fag som leiing, økonomi, kultur og samfunn
Søkjar har kunnskap om kultur, folkehelse, idrett og frivilligheit
Ønska kompetanse
Søkjar har erfaring ifrå drift av kulturhus basert på omfattande sambruk, eller ifrå tilsvarande verksemd
Søkjar har erfaring med og dokumenterte resultat ifrå leiing, økonomistyring, internkontroll og teamarbeid i offentleg sektor
Søkjar har erfaring ifrå offentleg forvaltning og kommunal saksbehandling
Personlege eigenskaparStrategisk og handlekraftig med evne til å sjå heilheit og samanhengar
Strukturert og løysingsorientert med vilje til endring og utvikling
Trygg i krevande beslutningar og aktuelle omstillingsprosessar
Evne til å bygge trygge relasjonar med medarbeidarar og kollegaer, og med samarbeidspartnarar, leigetakarar og publikum
Kommuniserer tillitsfullt, opent og ærleg
Samarbeider til det beste for fellesskapet og for samfunnsoppdraget
Dette er personlege eigenskapar som vil bli tillagt stor vekt.
Vi tilbyrIntroduksjonsprogram for nye ledere i Midt-Telemark kommune
Lønn etter avtale
Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Kopi av vitnemål og attestar lastas opp som vedlegg i webcruiter.
KontaktinformasjonHilde Kristine Pedersen, Einingsleiar, +47 95704048
ArbeidsstadGullbringvegen 34
3800 Bø i Telemark
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Midt-Telemark kommune
Referansenr.: 5178011340
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 23.11.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.