Vil du vera med å halda hjula i gang ved eit av dei nasjonale fartøyvernsentra?
Hardanger Fartøyvernsenter
- Arbeidssted
- KVAM, NORHEIMSUND, VESTLAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 29. nov. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Vil du vera med å halda hjula i gang ved eit av dei nasjonale fartøyvernsentra?
Til stillinga søkjer me ein strukturert og serviceinnstilt administrasjonskonsulent som vil spela ei sentral rolle i den daglege drifta av verksemda. Stillinga er variert og omfattar oppgåver innan administrasjon, logistikk, innkjøp, HMS, kvalitetssystem, lærlingoppfølging og intern koordinering.
Som administrasjonskonsulent bidreg du til at fagmiljøa våre kan konsentrera seg om kjerneoppgåvene sine innan fartøyvern, handverksopplæring, kulturminneforvaltning og formidling. Du får ei viktig rolle i å sikra gode rutinar og velfungerande administrative system.
Arbeidsoppgåver
fakturering og administrativ oppfølging
drift av felles e-postkontoar og oppfølging av telefonkø
koordinering av møte og interne arrangement
innhenting av tilbod og gjennomføring av innkjøp
oppfølging av lagerhald, vareflyt, post og frakt
organisering av tenestereiser og overnattingar
oppfølging av kurs, sertifikat og kompetansedokumentasjon
administrativ oppfølging av lærlingar og lærekontraktar
administrasjon av volontørordningar og internasjonale utvekslingsprogram
adminstrasjon og oppfølging av kvalitets- og HMT-arbeidet
administrasjon av Miljøfyrtårn-sertifisering og tilhøyrande rapportering
administrasjon av nøklar, nøkkelkort og tilgangsstyring
oppdatering av administrative informasjonssider og interne kommunikasjonskanalar
koordinering av service, vedlikehald og lovpålagde kontrollar av maskiner og utstyr
Kvalifikasjonar
relevant utdanning innan administrasjon, kontor- og organisasjonsfag eller tilsvarande
relevant erfaring kan kompensera for formell utdanning
god digital kompetanse og erfaring med administrative IT-system som HMT-, kvalitets- eller internkontrollsystem
god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
Det er ein fordel om du har
erfaring frå større verksemder eller organisasjonar
erfaring med innkjøp og logistikk
kjennskap til lærlingordningar
interesse for kulturvern, museum eller handverksfag
Personlege eigenskapar
strukturert og sjølvstendig med god gjennomføringsevne
serviceinnstilt og løysingsorientert
trivst med varierte arbeidsoppgåver, evnar å handtera fleire oppgåver samstundes og prioritera mellom dei
har gode samarbeidsevner
Personlege eigenskapar vert tillagde stor vekt
Me kan tilby
Ei variert og meiningsfull stilling ved eit av dei fremste fagmiljøa innan maritim kulturhistorie, fartøyvern og tradisjonshandverk i Noreg. Du får arbeida tett på både fagpersonar og leiarar i ei verksemd med stort samfunnsoppdrag og høgt aktivitetsnivå.
Hardanger fartøyvernsenter kan tilby gode pensjons- og forsikringsordningar, bedriftshelseteneste og velferdsordningar.
Hardanger og Voss museum er tilknytta tariffavtalen "Landsoverenskomsten for museum og andre kulturinstitusjonar".
Nærare opplysningar om stillinga kan du få ved å kontakta avdelingsleiar ved HFS, Sjur Tarjei Fykse på telefon 97 66 56 55.
Send søknad med CV og referansar til personal@hvm.museum.no innan 29.11.2026.
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.