Sjukepleiar
Sengepost Kirurgi 2 SNR, Helse Møre og Romsdal HF
- Arbeidssted
- MOLDE, HJELSET, MØRE OG ROMSDAL
- Publisert
- Søknadsfrist
- 30. sep. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 2
Stillingsdetaljer
Har du lyst til å vere ein del av eit sterkt fagmiljø i heilt nye omgjevnadar? No har du moglegheita!
Vi søker etter sjukepleiar på Kirurgisk sengepost 2 ved det splitter nye akuttsjukehuset på Hjelset. Sjukehuset på Hjelset er ein del av Helse Møre og Romsdal og opna dørene våren 2025. Med topp moderne fasilitetar og pasientforløp i fokus, er vi stolte av å kunne tilby behandling og pleie i eit av landet sitt mest moderne helsebygg. På Kirurgisk sengepost 2 vil du primært jobbe med gastrokirurgiske, gynekologiske- og plastikkpasientar. I samarbeid med Kirurgisk sengepost 1, har vi har også ein elektiv femdøgnspost kor du møter eit bredt spekter av kirurgiske og ortopediske diagnosar.
Vi søker etter:
1 x 100 % fast stilling frå 01.10.26.
1 x 100 % vikariat frå 01.10.26 t.o.m. 30.10.27, med moglegheit for forlenging.
Vi oppfordrar også sjukepleiar som ønskjer ein lavare stillingsprosent å søkje.
Vi søkjer engasjerte og fagleg trygge sjukepleiarar som ønskjer å bidra til eit godt arbeidsmiljø og sikre god pasientbehandling. Hjå oss får du varierte arbeidsdagar med høg fagleg standard og gode moglegheiter for utvikling. Når det gjeld turnus har vi langvakter med inntil 12,5 timars arbeidsdag med arbeid kvar 4. helg, samt vanlege vaktlengder med arbeid kvar 3. helg, dette tilrettelegg vi saman med deg!
Dersom du ønsker å bli ein del av ei stabil og triveleg arbeidsgruppe med sterkt fokus på samhandling og pasientsikkerheit, da håper vi du vil søkje hos oss!
Vi ber om at relevante attester og vitnemål vert lasta opp og lagt ved søknad og CV.
ArbeidsoppgåverHeilheitleg, teambasert sykepleie i samspill mellom sykepleiere og helsefagarbeidere i oppfølging av kirurgiske pasientar.
Medikamenthandtering og oppfølging før og etter kirurgi
Tverrfagleg samarbeid med leger, fysioterapeuter, palliativt team og andre faggrupper
Bidra til kvalitetsarbeid og faglig utvikling i avdelinga
KvalifikasjonarNorsk autorisasjon som sjukepleiar før oppstart i stillinga
Gode kommunikasjonsferdigheiter, både muntleg og skriftleg
Det er ønskeleg med erfaring frå kirurgisk avdeling, men nyutdanna oppfordrast også til å søkje
Personlege eigenskaparVi søkjer deg som er:
Sterkt motivert og løysingsorientert, med evne til å ta ansvar og initiativ til å sørge for optimal pasientbehandling
Strukturert og serviceinnstilt med gode samarbeidsevne
Fleksibel og evne til å jobbe i team og sjølvstendig
Vi tilbyrSterkt tverrfagleg samarbeid
Ein inkluderande arbeidsplass
Løn etter gjeldande overeinskomstar
Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
KontaktinformasjonAnders Nordvik Røstad, Seksjonsleiar, +47 97165121, Anders.Nordvik.Rostad@helse-mr.no
ArbeidsstadOpdølvegen 4
6450 Hjelset
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 5182358114
Stillingsprosent: 100%
Fast, Vikariat
Startdato: 05.10.2026
Sluttdato: 31.10.2027
Søknadsfrist: 30.09.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.